Hopp til innhold

Havyard i Leirvik byggjer nye skip

Havyard har fått kontrakt på to nye skip som skal byggjast ved Havyard i Leirvik. Det skriv Sunnmørsposten. I kontrakten er det opsjon på ytterlegare eit fartøy. Skipa går til ein utanlandsk kunde og skal leverast i 2020 og 2021. Frå før var ordreboka til selskapet på rekordhøge 3,5 milliardar kroner.