Hopp til innhold

Havyard har skjerpa tryggleiken

Havyard Leirvik i Hyllestad har endeleg fått på plass tryggleikshandbok på polsk. Nesten to månder etter dødsulukka ved skipsverftet er dette no i orden.

Havyard Leirvik
Foto: Ragnhild Eikenes / NRK

- Men tryggleiken blir aldri god nok, vedgår personalsjef Bente Nesse.

13. februar i år kjem ho seint til å gløyme. Ei arbeidsulukke kravde livet til tre polske arbeidarar. Arbeidarane døydde på grunn av surstoffmangel under arbeid i ein skipstank. I etterkant av ulukka viste det seg at tryggingshandboka ikkje fanst på polsk.  

Nye tryggleiksrutiner

Som eit resultat av ulukka kom Arbeidstilsynet med pålegg om å få tryggleikshandboka på blant anna polsk.  

- Vi har no oversett boka til engelsk, polsk og litauisk. I tillegg har vi sikra oss at dei utanlandske underleverandørane har ein engelsktalande bas per ti tilsette. Dei skal og ha ein norsk kontaktperson.  

- Må vere i forkant

Personalsjefen seier den tragiske ulukka har ført til at dei har gått gjennom alle sider ved tryggleiksarbeidet og rutinane ved verftet. Ho ser klart at den tragiske ulukka burde ha vore unngått.

- Nei, det er jo ikkje slik det skal vere. Det ideelle er jo at vi jobbar i forkant og på det viset hindrar at ulukker skjer. Men det er vel slik at når ein har med menneske å gjere så skjer det ulukker.