Hopp til innhold

Havyard braut lova

Havyard Leirvik braut arbeidsmiljølova då ei gruppe ukrainarar jobba ved verftet i fjor haust.

Arbeidar ved Havyard Leirvik
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Verftet har tidlegare vedgått at ukrainarane jobba meir enn det som er tillate, men hevda at det ikkje var deira ansvar fordi arbeidarane jobba for ein underleverandør.

- Alvorleg

Men eit vedtak frå arbeidsdirektoratet slår no fast at dette er Havyard sitt ansvar. Tilsynsleiar Rune Ravnestad i Arbeidstilsynet ser alvorleg på saka.

- Vi meiner at alle brot på arbeidsmiljølova kan få konsekvensar, så det er ei alvorleg sak, seier han.

70 timar i veka

I fjor haust truga 60 ukrainske arbeidarar som jobba ved verftet i Leikvik med å dra heim fordi dei tente under 20 kroner timen. Arbeidstilsynet ba då om å få dokumentasjon som synte arbeidstida til ukrainerane.

Men Havyard nekta, og meinte det ikkje var deira ansvar sidan ukrainarane jobba for ein underleverandør. Samstundes stadfesta dei at ukrainarane jobba mellom 60-70 timar i veka.

Må levere timelister

Men no slår eit vedtak frå direktoratet fast at dette er Havyard sitt ansvar, og at dei må levere timelistene til arbeidstilsynet. Men personaldirektør ved Havyard, Bente, Nesse seier det vil krevje for mykje ressursar å finne fram timelistene.

- Dette ligg langt tilbake i tid. Vi har vedgått forholda for lenge sidan, og vi har fått nye system som krev veldig mykje ressursar hos oss. Vi har no bede Arbeidstilsynet om å få avslutta saka, seier ho.

-Vi må gå i dialog med Havyard Leirvik i forhold til det svaret vi har fått frå dei. Heilt generelt kan slike brot føre til at bedrifter vert melde til politiet, eller vi kan gje ei åtvaring om at ved fleire slike brot vil vi melde dei til politiet, seier Rune Ravnestad i Arbeidstilsynet.