NRK Meny
Normal

Havvindkraft ut av fylket

Satsinga på vindmøller til havs skal skje frå eit nytt selskap med base i Bergen.

Sheringham Shoal havmøllepark
Foto: NTB Info

Det gårVestlandsalliansen, der Vestavind Kraft er med, inn for.

- Meir satsing på havenergi

- Vestlandsalliansen ønskjer å engasjere seg tyngre innan offshore marin energi. Vestavind Kraft, som til no har vore alliansen sin reiskap innanfor vindkraft, vil difor bli supplert med eit nytt selskap, seier styreleiar Ole Bjørn Alvestad i Vestavind Kraft.

- Må styrast frå ein by

Det nye selskapet skal ha Nord-Europa som satsingsområde. Til no har vindkraftsatsinga i Vestavind Kraft vore styrt frå Sandane, men leiinga i Vestlandsalliansen meiner satsinga på vindmøller til havs krev så store investeringar og driftskostnader at det må administrerast frå ein større by.

Misnøgd fylkesordførar

Nils R. Sandal

Det er sju kraftselskap som eig Vestavind Kraft, mellom dei Sogn og Fjordane Energi (SFE), Sognekraft og Sunnfjord Energi. Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som eig SFE, og fylkesordførar Nils R. Sandal er misnøgd med at eit nytt selskap skal leggast til Bergen.

- Eg synest det er veldig beklageleg å bryte opp og splitte opp eit miljø som ein er i ferd med å byggje opp i Sogn og Fjordane. Det er rart at det ikkje kan byggjast opp her i fylket, og eg håpar det blir ei grundig drøfting på eigarsida.

Kva kan de gjere for å hindre dette?

- SFE har ikkje fleirtal i Vestavind Kraft, så vi har ikkje direkte innverknad på avgjerda. Men vi vil gje klart uttrykk for kva vi meiner.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.