Hopp til innhold

Havnivået stig raskare

20-30 cm meir enn prognosane til FNs klimapanel. Klimaforskar ropar varsko.

Springflo i Deknepollen i Vågsøy.

Springflo i Deknepollen i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik

- Det kan få konsekvensar for ein del bygningar og vegar som ligg ned mot dagens havnivå.

Klimaforskar Atle Nesje trur kystkommunane i Sogn og Fjordane har store utfordringar i vente.

Ein fersk rapport syner at havnivået i fylket vil stige vel 70 centimeter i løpet av dei neste hundre åra.

- Havstiginga vil på sikt få konsekvensar for ein del kaianlegg, som rett og slett blir for låge, slik at ein må byggje dei høgare.

Forverring

Det er Bjerknessenteret som for første gong har laga ei norsk undersøking av havnivået langs kysten.

I Sogn og Fjordane vil havet stige 30 centimeter meir enn FNs klimapanel sine tidlegare prognosar.

Professor Atle Nesje ved Bjerknessenteret for klimaforskning

Atle Nesje, professor ved Bjerknessenteret for klimaforskning.

Foto: Bjerknessenteret for klimaforskning

Nesje meiner dette fører til at kommunane langs kysten bør ta konsekvensane.

- I alle fall når ein skal planlegge nye bygg, bør ein bokstaveleg tala ta høgde for desse havprognosane.

Må byggje 2,5 meter høgare

- Spesielt i stormflosituasjonar er det viktig at det er bygt høgare.

Kor mykje høgare bør ein byggje?

- I Sogn og Fjordane må ein for å vere heilt sikker opp i to og ein halv meter over normal vasstand.

Alvoret har sige inn

Klimaforskaren opplever det som at kommunane tek utfordringane kring auka vasstand på alvor.

- Eg har merka ein stor skilnad det siste halve året på at fleire og fleire kommunar tek kontakt med fagmiljøet når dei skal byggje ut. Nye anlegg vert konstruerte høgare enn ein tidlegare ville ha gjort.

HAVSTIGNING I ÅR 2100

Havstigning i år 2100

Kommune

Centimeter

Selje

71

Vågsøy

72

Eid

69

Stryn

67

Bremanger

71

Gloppen

68

Flora

71

Naustdal

69

Luster

64

Askvoll

71

Førde

68

Fjaler

70

Gaular

69

Balestrand

67

Leikanger

66

Sogndal

66

Årdal

62

Solund

71

Hyllestad

70

Høyanger

68

Vik

67

Aurland

66

Lærdal

63

Gulen

71

Ekspander/minimer faktaboks

Havstigning i år 2100

Kjelde: Bjerknessenteret for klimaforskning.