NRK Meny
Normal

Havkraft med gjennombrot i bølgjekraftprosjekt

Selskapet Havkraft i Vågsøy i Nordfjord har hausta særs gode resultat i sitt prøveprosjekt med bølgekraft i Nordfjord. No blir jobben å gjere resultata om til butikk.

Havkraft

SPANANDE RESULTAT: Sidan november i fjor har Havkraft testa eit bølgjekraftverk, i form av ein ombygd fiskebåt, utanfor Stad. No er konklusjonane etter testinga klare.

Foto: Frequency.no

Med ein ombygd fiskebåt har dei det siste året testa nyvinnande teknologi for energi i framtida. I dag fekk dei konklusjonane etter testinga og dei er oppløftande.

Geir Arne Solheim

GLAD: Geir Arne Solheim, leiar for Havkraft, seier konklusjonane etter bølgjekraftprosjektet er svært oppløftande.

Foto: Havkraft

– Vi har nådd alle målsetningane vi hadde. Vi har ein teknologi som har tolt orkanane som har vore det siste året og som i dette augneblikket produserer straum på nettet. Vi er vel dei einaste i verda som har eit fullskala kraftverk i ope havområde i dag som fungerer, seier Geir Arne Solheim, leiar for Havkraft.

Mange nedturar på vegen

Dei starta arbeidet med å skape energi av bølgjer heilt tilbake i 1998. Då trudde dei det var snakk om månader før jobben skulle vere gjort. På vegen mot gjennombrotet har det vore mange nedturar.

Modell av bølgjekraftverk

MODELL: Denne modellen viser korleis eit ferdig bølgjekraftverk vil kunne sjå ut.

Foto: Havkraft

Seinast i fjor heldt testmodulen på å søkkje og måtte slepast til land etter nokre få veker utanfor vêrharde Stadlandet.

– Eg har alltid vore drive av visjonen, men det er ikkje før dei siste åra at teknologien har kunna levert. Håpet har vore der heile tida, men når du veit at 99,9 prosjekt av alle bølgjeprosjekt dei siste 100 åra har feila, så krev det litt ekstra ståpåvilje og kanskje dumskap for å halde ut så mange år, seier Solheim.

Jobbar for kommersialisering

All motgangen har òg lært han å ta dei siste gode testresultata med fatning. For det er framleis ein stor jobb som skal gjerast før dei kan kommersialisere produktet. Ikkje minst trengst det folk som er villige til å finansiere vegen fram til marknaden.

Men Solheim meiner bestemt at potensialet er stort.

– Målet er at vi kan bruke resultata til å industrialisere det her og få det inn i drift rundt om kring i verda, seier Solheim.

– Vi ser at dette er eit løft som er større enn vesle Havkraft kan ta, difor skal vi no samle større aktørar, først lokalt og så få vi auke ringen etter kvart, slik at vi skal lukkast med kommersialiseringa, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune