Hopp til innhold

På eitt år jobba dei over 2.000 timar som frivillige i Redningsselskapet

Fleire tusen nordmenn la i 2010 ned arbeid for over 100 milliardar kroner i frivillig arbeid. To av desse er Marius Strømmen (27) og Håvard Svoren (23) frå Måløy.

Marius Strømmen og Håvard Svoren

FRIVILLIGE: – Du gjer alt mogeleg. Alt frå å køyre båt, øve, berge personar og båtar og det som er, fortel Marius Strømmen (t.v.) og Håvard Svoren. I 2011 la duoen ned over 1.000 timar kvar som frivillige i Redningsselskapet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vågsøyværingen Marius Strømmen har eit 11 år langt forhold til Redningsselskapet. Det byrja med ei lyst til å hjelpe, til å gjere noko spennande som kunne utgjere ein skilnad i samfunnet.

I dag er han fast tilsett i redningsselskapet, men når han har turnusfri frå jobben på redningsskøyta stiller han seg til disposisjon for Redningsselskapet sitt frivillige mannskap i Måløy, sjøredningskorpset.

– Eg var utplassert på gamle «RS Platou» i niandeklasse og byrja som aspirant som 16-åring. Sidan har det gått slag i slag. Det går ein del tid på dette, vedgår han.

Over 1.000 timar i 2011

I dag ser Strømmen på sjøredningskorpset som ein fritidsaktivitet. Ein fritidsaktivitet der han har berga livet til tre personar, og ein fritidsaktivitet han berre i 2011 la ned over 1.000 timar og vel så det som frivillig. I tillegg kjem både kursing og møter.

Fordeler ein timetalet på det til saman halve året Strømmen hadde turnusfri, gir det eit snitt på vel 38 timar i veka i frivillig arbeid.

Nær fire år yngre Håvard Svoren la ned nær like mange timar same året. I tillegg til å vere student. Også han er ein av 15 frivillige tilknytt sjøredningskorpset i Måløy. Som frivillig i redningsselskapet får du dekt tapt arbeidsinntekt under oppdrag.

– Det er ei stor oppleving berre å sjå ansiktsuttrykka til folk du kjem til for å hjelpe. Sjå gleda og dei positive tilbakemeldingane du får, fortel 23-åringen med seks år bak seg som frivillig i Redningsselskapet.

Fulltidsjobbar

– Det er gjerne difor ein driv med det. Sannkjenning og kjensla av å kunne vere til hjelp. Du har folk som kallar deg «havets engel» til dømes. Tilbakemeldingane er det som er den store delen som driv meg, legg Strømmen til.

Rett skal vere rett; timetalet dei nådde i 2011 var dei ikkje i nærleiken av i 2012. Dei vil heller ikkje komme i nærleiken av det i år. Forståeleg nok. Det skal litt til å handtere to fulltidsjobbar.

Når Hovudredningssentralen ringjer, så tøyer du din eigen tryggleik om du må. Du strekkjer strikken så langt du kan, utan at den slitnar.

Håvard Svoren / Håvard Svoren, frivillig i Redningsselskapet

– Kjærasten min er veldig tolerant for tida det har teke. Det har gått veldig bra til no, smiler Strømmen.

101 milliardar

Men det er mange som Strømmen og Svoren kring om i Norge. For saman med Sverige, er Norge i verdstoppen når det gjeld frivillig arbeid. Det vere seg innan kultur, idrett, helse, beredskap, miljøvern, politikk eller kva det måtte vere.

Utredningssjef Stian Slotterøy Johnsen i Frivillighet Norge

FRIVILLIGHEIT: Stian Slotterøy Johnsen.

Foto: Frivillighet Norge

Verdiskapinga på det løna og uløna frivillige arbeidet utgjorde i 2010 101 milliardar kroner. Av dette utgjorde ulønt frivillig arbeid 60 milliardar og representerte 115.000 årsverk.

– Det er veldig mange eldsjeler som til saman legg ned eit stort tal frivillige timar. Men så har du dei som verkeleg er engasjerte eldsjeler og legg ned tusenvis av timar i løpet av eitt år. Det er ein enorm ressurs, seier utgreiingssjef Stian Slotterøy Johnsen i Frivillighet Norge, samarbeidsforumet for frivillig sektor.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Meir enn pengar

Samarbeidsforumet har over 270 organisasjonar i medlemsmassen og representerer over 50.000 lag og foreiningar over heile vårt langstrakte land. Fri vilje Norge arbeider for at det skal vere lett å vere frivillig, å drive frivilligheit, og for at organisasjonane skal ha tilgang til langsiktige, etisk forsvarlege inntektskjelder.

Dugnadsarbeidet i Norge er ein fleire hundre år gamal tradisjon med bønder som på rundgang mobiliserte nærmiljøet for å få utført arbeid på gardane.

– I dag handlar det mykje om korleis vi organiserer fritida vår i Norge. Barn- og ungdomsarbeid er basert på mykje frivillig arbeid, og det at foreldre er med på organisering av idrettslag eller korps. Medverkar ikkje folk frivillig, så stoggar aktiviteten opp, seier Slotterøy Johnsen.

– Alt mogeleg

Den største frivillige aktøren innan norsk redningsteneste er Røde Kors Hjelpekorps, med sine 320 lokale hjelpekorps og 13.000 medlemmer. Over heile landet står 6.500 kursa og opplærde medlemer i annan fast jobb, nærast klare til å sleppe det dei har i hendene for å hjelpe.

Redningsselskapet har kring 900 frivillige som står klar til å rykkje ut for å redde liv, og berge verdiar til sjøs. Langs norskekysten har selskapet 25 fast bemanna redningsskøyter og 17 med frivillige mannskap. På ti år har desse berga nær 300 personar og kring 950 farty.

(Artikkelen held fram under grafikkken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Med kring 101.000 kilometer kystlinje, inkludert øyane, og nær 81.200 skjær, kan mykje gå gale med aukande båttrafikk i norske fjordar og langs norskekysten. Nærast utanfor vindauga har basen i Måløy frykta og velkjende Stadhavet.

– Du har store båtar som går på skjær, båtar som får motortrøbbel, fiskebåtar som får not i propellen, båtbrannar der folk har måtte hoppe i sjøen og fødslar, ramsar Marius Strømmen opp.

Må skilje

– Til stor kontrast til det siste, så har du hendingane der det ikkje går bra, held han fram. Når ein jobbar som frivillig i lokalmiljøet kan slike hendingar kome nærare på enn ein ynskjer.

Marius Strømmen og Håvard Svoren

GODT MILJØ: – Med så mykje alvor som vi er borti, så er det humor og godt humør viktig for trivselen, seier Håvard Svoren og Marius Strømmen (t.v.).

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Når det skjer noko, så veit du truleg kven det er snakk om. For nokre år sidan hadde vi ein ungdom som gjekk rundt med båt og som vi søkte etter i mange veker. Slikt er aldri kjekt når du veit kven guten er, kjenner sysken og foreldre, fortel Strømmen.

– Men det blir ein liten knapp som du må slå av for å konsentrere deg om det du skal gjere. Blandar du kjensler inn, så blir det ofte dårleg kvalitet på det du gjer. Ein må prøve å skilje dei to så lenge ein er i teneste, legg han til.

Dramatisk

Som del av den frivillige beredskapen, er ein ofte ikkje budd på det som skulle skje. Noko Håvard Svoren opplevde i fjor då det 123 meter lange «Celina» gjekk på eit skjær utanfor Måløy . Om bord det tyske containerskipet var eit mannskap på 13 personar, 165 containerar, kring 265 kubikkmeter tungolje og 65 tonn diesel.

Skipet fekk skader, tok inn vatn og hadde slagside. Frykta for ureining var stor . Redningskorpset i Måløy vart tilkalla som førsteinstans.

(Artikkelen held fram under videoen)

Det vart dramatisk då det tyske containerskipet "Celina" gjekk på grunn utanfor Måløy i 2012. Frivillige Håvard Svoren (23) i Redningsselskapet gløymer aldri telefonen han fekk frå Hovudredningssentralen på Sola.

DRAMATISK: Fredag 9. mars fekk Håvard Svoren (23) telefonen han aldri gløymer. Ein «båt» hadde gått på grunn ved Gangsøya sør for Måløy.

– Det er nok det mest dramatiske eg har opplevd. Vakttelefonen ringde medan eg var hos bror min og åt pizza, mimrar Svoren og fortel om stor overrasking då han skjønte omfanget på grunnstøytinga.

– Meir enn krone og øre

I Frivilligheit Norge seier Slotterøy Johnsen at frivillige ikkje berre sparar samfunnet for store beløp, men også medverkar til verdiar som ikkje let måle i krone og øre.

– Ein får tilhøyr til lokalsamfunnet, dei frivillige organisasjonane er både praktiske skular i demokrati, men også demokratisk aktørar i samfunnet. Frivilligheit medverkar til trygge og gode oppvekstmiljø for born og unge, til læring, kultur, at vi rett og slett skaper liv og røre og aktivitet i eit lokalmiljø, seier han og legg til.

– Verdien av alle desse tinga kan ein ikkje måle i krone og øre. Men det er heilt klart at det ligg ein enorm verdi som gjer samfunnet varmare og meir menneskeleg.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Byråkratisering

Medan mange engasjerer seg for å utføre ein jobb, slit lag og organisasjonar i den frivillige rørsla med å finne dei som kan ta på seg verv.

Slotterøy Johnsen trur det har ein nær samanheng med det han skildrar som ein aukande byråkratisering av det frivillige arbeidet.

– Til dømes leiar for lokallag og kasserar er verv vi ser mange opplever som vanskeleg å rekruttere til. Det kan følgje med ei forventing frå det offentlege om at ein skal fylle ut skjema, rapportere og syte for at alle rekneskap blir sendt til alle mogelege slags aktørar. Meir papirarbeid enn det mange set pris på, seier han og legg til:

– Vi er opptekne av at det må vere lett å vere frivillig. Vi meiner at forenkling er veldig vesentleg for dei lokale lag og organisasjonar.

– Kva fryktar du kan bli følgjene av denne byråkratiseringa?

– Eg trur det kan føre til at den frivillige innsatsen går ned, eller ikkje aukar så mykje som den kunne om det var enklare. Det er ikkje for å fylle ut skjema ein blir frivillig.

Vil stå sterkt

– Trur du den frivillige rørsla vil stå seg sterkt også i framtida?

– Ja, det trur eg absolutt. Statistikken viser at det frivillige arbeidet aukar, tal frivillige held seg veldig høgt og donasjonane aukar. Alle pilar peikar oppover, så det er grunn til å tru at frivilligheit framleis vil vere viktig i Norge.

– Og så er det viktig å ta vare på den frivillige innsatsen og gjere det lett å vere frivillig. Vi har ikkje råd til å miste dei frivillige organisasjonar og den aktiviteten dei står for, seier Slotterøy Johnsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsskøyta Halfdan Grieg i Måløy.

DUGNAD: Bygget til venstre skal bli Redningsselskapet sin nye base i Måløy.

Byggjer på dugnad

Tilbake i Måløy sit Håvard Svoren og Marius Strømmen i salongen til Halfdan Grieg, redningsskøyta som vekslar mellom å ligge i Florø og Måløy. Mellom den fast bemanna redningsskøyta og sjøredningskorpsets Simrad Buholmen reiser det seg eit bygg. Frå her skal dei rekruttere nye medlemer, og drive både kurs- og møteverksemd.

Bygget blir reist på dugnad og både Svoren og Strømmen er mellom dei som har lagt ned mange timar for å realisere draumen om godt eigna lokale til, for og av Redningsselskapet sine medlemer i Måløy.

– Husprosjektet vart byrja seint på 80-talet, og vi fekk då opp ei brakke som fungerte veldig greitt. I tillegg disponerte vi andre lokale lengre oppe i gata, men dei ville huseigaren ta i bruk, fortel Strømmen.

Langdrygt prosjekt

– No har vi halde på eit par år med bygget. På det meste har vi hatt sjuåtte personar gåande her på dugnad.

– Når skal bygget stå ferdig?

Håvard Svoren, skipper Per Bergmann og Marius Strømmen.

DUGNAD: Håvard Svoren (t.v.) og Marius Strømmen (t.h.) har saman med mellom andre skipper om bord på den faste redningsskøyta, Per Bergmann, lagt ned eit stort dugnadsarbeid med dei nye lokala til Redningsselskapet i Måløy.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Ja, sånn cirka, ler Strømmen før han legg til:

– Det er vanskeleg å seie. Slik finansieringa er, så avheng vi av private gjevarar, firma, regjeringa, statsbudsjettet og løyvingar. Ein må finne ein middelveg og vi fullfører litt etter kvart som pengane kjem. Per no er det ikkje fullfinansiert, men vi har eit håp om å få det klart i sommaren så vi får byrja å trene opp nye folk og slikt.