Hopp til innhold

Skal finne ut kvifor brannbilen mista kontrollen før dødsulukka i Sogn

11. april i år mista ein brannbil kontrollen og køyrde rett i ein personbil på Nornes i Sogndal. No skal havarikommisjonen finne ut kva som skjedde i sekunda før dødsulukka.

Dødsulukke ved Lomelde i Sognal

FRONTKOLLISJON: Tankbilen frå Sogn brann- og redning var på veg til ein bråtebrann då den alvorlege ulukka skjedde.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ein person omkom i møteulukka 11. april i år. Brannbilen frå Sogn brann og redning var under utrykking til ein grasbrann då føraren mista kontrollen og krasja med ein møtande bil.

– Undersøkinga vil ha fokus på å avklare kvifor brannbilen kom ut av kontroll og vil søke å påvise ulike faktorar som kan ha påverka situasjonen både før og under hendinga, skriv kommisjonen på nettsidene sine.

Utrykkingsbilen mista kontrollen etter å ha vore utfor vegbana på høgre side i ein sving. Han fekk skrens og kom over i motsett køyrefelt. Den møtande bilen vart klemt mot eit betongrekkverk.

Føraren av personbilen, som var åleine i bilen, vart hardt skadd og døydde seinare av skadane.

Avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, Rolf Mellum

GRANSKAR: Avdelingsdirektør i Statens Havarikommisjon for transport, Rolf Mellum, seier at dei vil sjå nærare på dødsulukka på riksveg 55 i april i år.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

Havarikommisjonen er allereie i gang med å hente inn faktaopplysningar. Dei har også starta med intervju av involverte og råka.

– SHT vurderer at ulukka har eit lærepotensial for utrykkingsetatane. Undersøkinga vil mellom anna setje fokus på den risikoen som utrykkingskøyring kan representere og korleis denne kan reduserast, seier avdelingsdirektør Rolf Mellum til NRK.

Havarikommisjonen skriv at forhold rundt utrykkingskøyring vil vere sentral i undersøkinga. Dei vil også sjå på utforminga og tilstanden på riksveg 55. Kommisjonen vil i tillegg hente informasjon om redningsarbeidet.

Brann- og redningssjef i Sogn brann og redning, Vidar Trettenes, seier at han ser fram til at rapporten blir klar. Utover det har han ingen kommentar.