NRK Meny
Normal

Gudvangarapport: Kjem snart. Eit halvt år for seint.

– Kompleksiteten og alle involverte gjorde det umogleg å halda tidsfristen på eitt år, seier avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon.

Gudvangatunnelen

RAPPORTEN SNART KLAR: 5. august 2013 vart 66 menneske fanga inne i Gudvangatunnelen då eit vogntog byrja å brenne. Halvtanna år etter er granskingsrapporten snart klar.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Det har gått halvtanna år sidan vaksne og born kjempa sin livs kamp under ein brann i Gudvangatunnelen. Statens havarikommisjon for transport (SHT) skulle ha levert sin granskingsrapport i august i fjor.

Fyrst i februar – seks månader på overtid – er rapporten klar.

66 i røykinferno

– Dette er komplisert sak med mange involverte trafikantar og etatar. Arbeidet med å få fram fakta og å handsama dette har vore omfattande, seier avdelingsdirektør Rolf Mellum.

Avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, Rolf Mellum

OMFATTANDE: Rolf Mellum, avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, seier arbeidet med rapporten har vore omfattande.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

5. august 2013 blei 66 menneske fanga inne i den 11,5 kilometer lange Gudvangatunnelen då eit vogntog byrja å brenna. SHT har intervjua litt under halvparten av desse.

Fleire gjekk to-tre timar tilbake til Gudvangen i mørke og i giftig røyk for å berga livet, som Britt-Linda Klausen. Då NRK snakka med henne for eit år sidan, kunne ho ikkje forstå kvifor naudetatane, som stod klare utanfor tunnelmunningen i Gudvangen, ikkje kom inn i tunnelen for å redda dei.

Seinskader

Mange har fått seinskader og sit med spørsmål som dei ikkje har fått svar på: Kvifor fanst det ikkje brannsikre rom med oksygenmasker i ein av Norges lengste tunnelar? Kvifor blei viftene i taket snudd, slik at den livsfarlege røyken plutseleg kom veltande over dei?

– Dette er sentrale spørsmål for granskinga, men eg vil ikkje kommentar konklusjonane for rapporten er klar, seier Mellum.

Trygve Klakegg

BLEI I BILEN: Trygve Klakegg frå Os blei verande i bilen sin då vogntoget stod i brann nokre hundre meter lenger framme. Dermed slapp han unna alvorlege røykskader. Her frå Lærdal sjukehus, der han låg to døgn før han fekk reise heim.

Foto: Marie Havnen

Oslofjordtunnel-brannen

Brannen i Gudvangatunnelen skjedde vel to år etter brannen i Oslofjordtunnelen. Der blei 34 trafikantar fanga i røykinferno då eit vogntog tok fyr.

SHT har granska brannen i Gudvangatunnelen i lys av brannen i Oslofjordtunnelen. Det har gjort undersøkinga meir inngåande og omfattande, seier Mellum.

– For seint

I Aurland kommune har ordførar Noralv Distad (H) evaluert brannen i Gudvangatunnelen. Han har i lag med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fleire gonger samla alle etatane og kommunane som var involverte.

Ordføraren er glad for at SHT granskar grundig, men tykkjer 18 månader er for lang tid:

– På generelt grunnlag er det avgjerande at undersøkingar ikkje trekkjer ut i tid. Skal me trekkja lærdom og gjera endringar, må ulukka vera langt framme i pannebrasken til kommunen, Statens vegvesen, brannvesen politiet og andre. Det er difor uheldig at det blir for stor avstand til hendinga.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen