Havarikommisjonen tilrår leiesystem ut av Fjærlandstunnelen

Havarikommisjonen har gjort ferdig sitt arbeid etter brannen i Fjærlandstunnelen i 2017. Dei meiner rutinane ikkje var gode nok.

Tunnel etter brannen

TRETTEN SKADDE: Tunnelen ligg mellom Jølster og Fjærland.

Foto: Statens vegvesen

Det byrja å brenne i ein feiebil i den 6 kilometer lange Fjærlandstunnelen i april 2017. Fleire av trafikantane pådrog seg alvorlege røykskadar etter brannen. Kort tid etter bestemte Statens havarikommisjon for transport (SHT) at dei skulle undersøke brannen. No er rapporten klar.

– Trafikantane sin tryggleik var ikkje godt nok tatt vare på, seier havariinspektør Marius Raddum.

I den ferske rapporten vert det lagt fram fire tilrådingar for å auka tryggleiken i tunnelen. Blant anna var det dårlege føresetnader for sjølvredning.

– Den predefinerte retninga på brannventilasjonen, medførte at ein kolonne på åtte køyretøy vart fanga i røyk, seier Raddum.

Statens vegvesen tek til seg tilrådingane.

– Havarikommisjonen gjer alltid eit grundig og godt arbeid, også her, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Han påpeikar at til dømes leielys ikkje var eit krav då Fjærlandstunnelen vart bygd. Når tunnelen skal oppgraderast kjem dette til å bli gjort noko med.

– Det kjem til å bli installert ei anna type naudløysing, seier Finden.

Fire tilrådingar

Undersøkingane som Havarikommisjonen har gjort viser at «trafikantar fort mistar all sikt og har problem med å orientere seg i røykfylte tunnelar». Tunnelveggen blir ofte brukt som referansepunkt. Kommisjonen tilrår eit fysisk leiesystem, til dømes ei handlist.

Rapporten viser også til at Statens vegvesen sin tryggleiksplan ikkje inkluderte brann som ein risiko. SHT tilrår at tryggleiksplanane vert reviderte og betre tilpassa.

Risikovurderinga for tunnelarbeid tok heller ikkje føre seg brann i køyretøy som ein risiko, og inneheldt ikkje tiltak for å evakuere trafikantar ved ein eventuell brann.

Undersøkingane viser også at det ikkje var gode nok moglegheiter for trafikantar og arbeidarar å redde seg sjølv frå ein brann.

«Mellom anna saknar SHT krav til kommunikasjon mellom leiebilføraren og arbeidarar i og utanfor tunnelen.»