Hopp til innhold

Håvard Hallerud skal delta i verdsfinalen i gokart

Til veka gjer Håvard Hallerud (19) frå Førde seg klar til å reise til Le Mans i Frankrike. Der skal han konkurrere i den gjevaste gokartturneringa i verda som ein av to nordmenn.

Håvard Hallerud

I TOPPEN: Håvard Hallerud trur han har ein god sjanse til å bli ein av dei tjue beste i verda under verdsfinalen neste helg. Dette biletet er frå Le Mans, der løpet skal vere.

Foto: Marc Quinlivan

– Eg vart nummer to i den norske meisterskapen, som gjekk over fem rundar. Det er slik eg klarte å kvalifisere meg, fortel Hallerud.

Turneringa det er tale om vert arrangert på gokartbanene i franske Le Mans, og er ifølgje Hallerud det største av slike arrangement i heile verda.

Løpet går føre seg over fleire rundar, der dei første rundane bestemmer kva slags finale du hamnar i.

– Målet mitt er å kome i det som heiter A – finalen, som er der dei 32 beste utøvarane konkurrerer etter den første runden.

Hallerud har vore med i verdsfinalen ein gong før, då måtte han ta til takke med å køyre i B – finalen.

Les også: Siktar seg inn mot den internasjonale verdsfinalen.

Håpar å vere blant dei 20 beste

For to år sidan var førdianaren nummer 11 i den avsluttande B – finalen, men han kjenner seg trygg på at han kan kome betydeleg høgare opp denne gongen.

– Målet mitt er å kome blant dei 20 beste i A – finalen, og det trur eg at eg skal ha ein god sjanse til å klare.

Nittenåringen har drive med sporten i ti år, og trenar på bana i Kråkenesmarka i Førde. Der er det eit lite, men aktivt miljø av gokartkøyrarar

kartsport håvard hallerud

MEKANIKERPAPPA: Faren til Håvard Hallerud er med som mekanikar på kvart løp.

Foto: Hilde Hallerud / privat

Har ikkje fått trent så mykje

Verdsfinalen tek meir enn ei veke, til saman reknar Hallerud med å vere i Frankrike i nesten to veker. det kjem på toppen av mykje reising i samband med løp den siste tida.

– Eg har eigentleg ikkje fått trent så mykje, fordi det går så mykje tid til reising og turneringar. Når eg trenar, blir det meir at eg sjekkar at ting fungerer å slike ting.