Hopp til innhold

Var desperat etter å finne gode forhold - då vart dette løysinga for Håvard (15)

Håvard Sandal Høyvik (15) tok sykkelen fatt då foreldra ikkje kunne køyra han.

Håvard Sandal Høyvik (15) frå Førde tok sykkelen fatt då foreldra ikkje kunne køyra han til fjellet.

SJÅ VIDEO: Håvard Sandal Høyvik ville til sola og laussnøen. Difor batt han ski og stavar fast og sykla avgarde til Sandfjellet.

– Eg hadde prøvd alle andre moglegheiter. Då var det berre å prøve å finne ein måte å komme seg på ski, seier Håvard Sandal Høyvik.

Det var Fri Flyt som først skreiv om den litt spesielle sykkelturen.

Den skiglade ungdomsskuleeleven bur i Førde. Utgangspunktet for toppturen han hadde sett seg ut, Sandfjellet i Angedalen, låg 13 kilometer unna.

Foreldra, som vanlegvis køyrer han når han skal på ski, var på handballturnering med lillesøstra.

– Det var knall sol og eg visste det var kome ein del laussnø. Eg hadde ringt kompisar og prøvd å få dei til å bli med, så foreldra deira kunne køyre oss. Men ingen kunne. Då klarte eg berre ikkje å sitje inne. Eg måtte berre finne ein måte.

(Saka held fram under biletet)

Skisykkel

PETTER SMART: Håvard Sandal Høyvik (15) frå Førde er villig til å gjere det meste for å komme seg ut på ski.

Foto: Ivar Høyvik / Privat

Inspirasjon frå internett

Det var allereie byrja å bli seint og gode råd var dyre. Då kom han på ein videosnutt han hadde sett på internett, med ein fyr som hadde skia festa til sykkelen.

Som sett, så gjort.

Han festa telemarksskia og stavane på sykkelen med eit tau, slengte sekken på ryggen og sykla dei 13 kilometrane til Angedalen. Med telemarkskoa på beina.

– Eg orka ikkje å ta skoa på sekken. Mot slutten vart det litt tungt og ubehageleg å sykla med dei, men det gjekk heilt greitt, seier Sandal Høyvik.

Perfekte skitilhøve

Det tok rundt ein time å sykle inn. Beina var tunge før turen eigentleg hadde byrja. Men skiforholda var som han hadde håpa. Då var det verdt alt strevet.

– Alt var eigentleg heilt perfekt. Det var flott snø og akkurat byrja å bli solnedgang på vegen ned. Det vart ein fantastisk dag, seier Sandal Høyvik.

– Gav det ein ekstra dimensjon til turen, at du faktisk hadde kome dit for eiga maskin?

– Eg følte at eg hadde gjort meg ekstra fortent til det, då eg tok svingane nedover fjellet. Og eg må innrømme at eg var litt imponert over meg sjølv, at eg i det heile hadde gidda.

(Saka held fram under biletet)

Pudderentusiast Håvard Sandal Høyvik

SKIFRELST: Håvard Sandal Høyvik (15) er meir skiinteressert enn gjennomsnittet. Her frå ein fjelltopp i Jølster.

Foto: Hege Sandal Høyvik / Privat

Heldigvis var foreldra komne tilbake frå handballen då sonen var nede frå fjellet. Dermed fekk ein sliten skikøyrar skyss heim att.

– Du er ikkje redd for at foreldra dine ikkje skal sjå poenget med å køyre deg meir?

– Jo, kanskje, hehe. Men eg trur mamma var litt skeptisk til at eg sykla inn på glatta. Så dei kjem nok til køyre meg i framtida òg. Men når dei ikkje kan, så får eg heller sykle då.

Det beste som finst

Sandal Høyvik filma heile turen og la videoen ut på nett. Den vart plukka opp av Fri Flyt, noko som har blitt lagt merke til i vennekretsen.

– Det er ein del som har sett den. Eg trur folk er litt imponerte. Dei forstår ikkje at eg gadd, i sær dei som ikkje er så interessert i ski som meg. Dei skjønar ikkje at eg orkar å sykle ein time, for så å gå opp på toppen av eit fjell, berre for å få nokre svingar ned att. Men eg synst det er den beste opplevinga du kan få, å få køyre svingar i nysnø. Det blir ikkje betre.

– Kan kompisane dine bli inspirerte til å prøve det same, trur du?

– Det veit eg ikkje heilt. Dei er ikkje like galne til å gå på ski som meg.