NRK Meny
Normal

Cruiseturistar legg att 286 millionar berre i avgifter

I 2013 kom kring 700 000 cruiseturistar til Noreg. No syner nye tal at kvar av dei la igjen om lag 400 kroner, berre i avgifter og gebyr.

Cruiseskipet Costa Magica i Flåm

AVGIFTER: Kvar cruisepassasjer legg igjen kring 400 kroner i avgifter før dei går i land i hamnene. Det syner ein ny rapport utarbeidd for Innovasjon Norge.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, Per Arne Tuftin, er overraska over dei store inntektene.

– Det er nok noko meir pengar enn kva vi hadde venta. Om lag 400 kroner per cruisegjest er eit ganske solid beløp før nokon har gått i land. Så det er eit veldig positivt bidrag til verdiskapinga i Norge, seier Tuftin.

I 2013 la cruiseskipa igjen 286 millionar kroner, berre i avgifter og gebyr, her i landet. Det syner ein ny rapport utarbeidd for Innovasjon Norge.

Har endå større potensial

Berre i fjor var 700 000 cruiseturistar innom dei mange hamnene i landet. Men kor store inntekter desse legg igjen på sine besøk har lenge vore usikkert.

Tal utarbeidd for Innovasjon Norge syner at cruiseturistane la att 400 kroner kvar på ferda langs norskekysten. 286 millionar vart dei samla inntektene før turistane har gått i land ein einaste stad.

Dette er pengar cruisenæringa tener inn berre i offentlege gebyr og avgifter, lostenester og Nox-avgifter. I tillegg tener hamner og lokale verksemder også pengar på det gjestane legg att i form av utgifter, handling og andre aktivitetar.

– Samtidig skal vi hugse på at vi har eit endå større potensial for å hente ut endå meir pengar ut av cruisedrifta, seier Tuftin.

Meiner meir bør gå til lokalt reiseliv

119 millionar kroner går til Kystverket for lostenester og tryggingsavgifter. Nær 150 millionar går rett til staten, i tillegg fekk NOx-fondet, inn 25 millionar, til utsleppsreduserande tiltak.

Dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, meiner meir må kome lokalt reiseliv til gode.

– Det er veldig bra at tala kjem fram, men det går på avgifter i høve los og NOx, så det kjem nok ikkje reiselivet direkte til gode, seier Brandshaug.

Tuftin forstår det, men meiner selskapa sjølve må legge ned meir jobb også:

– Kor aktuelt eller ikkje aktuelt det er, er vanskeleg å seie. Eg har stor forståing for det. Innovasjon Norge jobbar tett saman med destinasjonsselskapa for å halde kurs om å korleis utvikle gode nok landbaserte produkt som cruiseturistane vil ha, seier Tuftin.

Av dei 286 millionane, går 119 av dei til Kystverket som betaling for lostenester og tryggingstiltak i hamner.

Må sjå på tilrettelegging

149 millionar går til staten i form av avgifter og gebyr. 25 millionar kroner gjekk til NOx-fondet. Det er eit spleiselag der verksemder kan søkje om stønad utsleppsreduserande tiltak. Brandshaug meiner meir burde kome dei lokale hamnene til gode.

– Det er viktig å få fram alle sider av inntekter frå cruise, men samstundes er det viktig å tenkje på kor mykje som vil ligge igjen i høve reiselivet for tilrettelegging og utvikling, seier Brandshaug.

Ståle Brandshaug

MEIR LOKALT: Leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, meiner meir av pengane som cruiseturistane legg igjen må kome det lokale reiselivet til gode.

Foto: Halvor Farsund Storvik

– Vil du ha øyremerka pengar frå desse inntektene til lokale hamner?

– Avgiftene er lagt inn i eit avgiftssystem, så det er vanskeleg å seie at noko av det skal øyremerkast inn mot reiselivet. Men utfordringa for cruisenæringa er ofte knytt til tilrettelegging, infrastruktur i og rundt hamner. Når vi får eit slikt totalbilete av verdiskapinga, så må ein også sjå på kva som kan brukast på tilrettelegging, utdjupar Brandshaug.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.