Kommunekasseraren i Gloppen og skattefuten i Sogn og Fjordane tvinga nummeropplysningsselskapet i på Sandane til konkurs. Easy Connect Gloppen klarte ikkje å betale arbeidsgjevaravgift og moms, og selskapet gjekk til skifteretten og bad om konkurs, fortel talsmann for selskapet, Sven T. Rylandsholm. Den offentlege gjelda var ein stor del av det selskapet skulda, og kan ikkje sanerast utanom ein konkurs. Rylandsholm nektar for at dette er ein styrt konkurs for å bli kvitt gjeld, og seier at det er spelereglane for aksjeselskap som gjeld.
Mellombels driftsavtale
Men nummeropplysningsselskapet som starta på Sandane i februar i fjor, har ikkje sløkt lyset og stengt døra. Dei tilsette er på plass og gjer jobben sin. Næringslivet i Gloppen har fått til ein avtale med bustyrar Per Kjetil Stautland om mellombels drift framover, fortel Rylandsholm. Lønsgarantifondet betaler løna til dei tilsette i ei kort tid framover, men deretter må nye eigarar i eitt nytt selskap overta.
Må konkurrere om ny kontrakt
Ein ny og permanent avtale med morselskapet om nummeropplysning og sal av Internett-katalogen, vert avgjerande for om Easy Connect Gloppen er liv laga framover. Dei fem dotterselskapa var med å berge morselskapet i Bergen, ved å ettergje gjeld, men det er slett ikkje sikkert at alle fem får vere med vidare likevel. Dotterselskapa må konkurrere om ein ny, permanent kontrakt. Dersom det lykkast, reknar Rylandsholm med at det skal gå greitt å få inn ny kapital.