Hopp til innhold

Hastar å søke sommarjobb

Både LO og NHO oppmodar unge som ønskjer sommarjobb til å hive seg rundt og søke så raskt som råd. Det finst framleis ledige jobbar, men no hastar det for den som vil tene seg nokre ekstra kroner i sommarferien, seier begge organisasjonane. Distriktssekretær Nils P. Støyva (biletet) i LO i Sogn og Fjordane meiner det er viktig at ungdom får arbeidserfaring. Han foreslår at dei som ikkje har fått jobb enno, tek direkte kontakt med potensielle arbeidsgivarar.

Nils P. Støyva
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK