Hassan Samriye Hashin
Statsadvokaten har tiltalt 35 år gamle Hassan Samriye Hashin for forsettleg drap på den 19 år gamle folkehøgskuleeleven. I tiltalen kjem det fram at Hedda Karterudseter vart mishandla seksuelt, valdteken og slått og sparka i andletet før ho vart kvelt.
Tiltalen har ei strafferamme på 20 års fengsel. Rettssaka startar neste måndag i Sogn tingrett. Hashin vedgjekk forsettleg drap då han vart framstilt for varetektsfengsling den 5. april. Det betyr ikkje at han seier seg skuldig når tiltalen blir lest opp i tingretten.
Foreldra krev erstatning
Foreldra til Hedda Karterudseter krev 240.000 kroner i erstatning frå den tiltalte etter drapet på dottera. Det seier bistandsadvokaten deira, Jan Knapstad.
Overraska forsvarar
Herman Hoff, forsvarar for somaliaren, seier den detaljerte utforminga av valdtektstiltalen overraskar han.
Forsvarar Herman Hoff
- Påtalemakta har lenge hevda at Hashin har gjennomført eit forsettleg drap. Så den delen av tiltalen var venta. Men utforminga av post to i tiltalen er annleis enn det påtalemakta har gjeve uttrykk for tidlegare, og det overraskar både meg og klienten min, seier advokaten.
Post to i tiltalen omhandlar valdtekt og skildrar i detalj korleis statsadvokaten meiner 35-åringen har forgripe seg på Hedda Karterudseter.
Det vil også blir lagt ned påstand om erstatning og oppreisning for dei etterlatne.
Vedgjekk kvelartak
Hedda Karterudseter vart funnen død på rommet sitt om kvelden torsdag 28. oktober. Onsdag kveld hadde ho vore på utestaden Meieriet. Ho og den tiltalte 35-åringen vart sett då dei gjekk frå utestaden mot Sogndal Folkehøgskule.
Før Hedda Karterudseter vart funnen gjekk Hashin til arbeidsgjevaren sin i Sogndal og bad om ferie. Han tok også ut ein større sum pengar, før han tok nattbussen til Oslo og stakk av. Han reiste ut av landet og vart pågripen i Nederland i slutten av januar. Allereie i det første avhøyret med norsk politi vedgjekk han å ha teke kvelartak på folkehøgskuleleven.