Hopp til innhold

Harpefossen planlegg utbygging

Planlegg nye tilbod for ti år fram i tid og ønskelista er lang.

Harpefossen

ØNSKJER STOLHEIS: Harpefossen skisenter vil gjerne ha stolheis i anlegget sitt.

Foto: Anne Grethe Strand

- Det føregår ei vurdering av kommuneplanen og no sender vi inn innspel på omfattande tiltak, seier Stein Bjørhovde, styreleiar i Harpefossen skisenter i Eid.

Stolheis og skicross

Dei ønskjer som dei fleste skianlegg ein stolheis og tenkjer heile familiar når dei no legg planar.

- Vi ønskjer å byggje stolheis som så mange andre, det er dit vi vil. Men hovudmålet er å gjere anlegget meir familievenleg med park og skicross og den type ting. Det er meir og meir etterspurt av familiar og vi må legge tilrette slik at vi tiltrekkjer oss denne gruppa.

Harpefossen er det største skianlegget i fylket, sjølv om det føregår store utbyggingar i fleire anlegg i Sogn og Fjordane.

(artikkelen held fram under biletet)

Harpefossen

SKICROSS: Tilboda i anlegget skal utvidast og styreleiaren fortel at dei tenkjer ti år fram i tid.

Foto: Anne Grethe Strand

Dugnad er viktig

Steinhovde trekkjer fram dei frivillege og dugnad som noko av forklaringa på kvifor dei veks.

- Vi er veldig heldige som har mange frivillege og folk som ønskjer å arbeide dugnad for anlegget. Her er det full innsats heile året og det ser ikkje ut til at folk går lei, spesielt ikkje etter den påska vi har lagt bak oss. Og utan dugnaden hadde vi ikkje vore der vi er i dag, seier han.

- Kor viktig er det å vere budd på utvikling og klare til å byggje ut?

- Det er viktig elles har vi avgrensa moglegheiter for å utvikle oss. Vi har beina på jorda når det gjeld investeringar og bruk av pengar, men det er samstundes svært viktig å ha planar og ikkje avgrense seg sjølve, seier Bjørhovde.

Han seier dei må kunne planlegge ein vekst og må difor ha areal og planane klare.

- Men vi veit også at marknaden kan snu og at veksten kan stoppe opp.

(artikkelen held fram under biletet)

Harpefossen skisenter - barn i trekket

VIL HA DESSE: Familieaktivitetar er viktig for Harpefossen skisenter og nye planar legg til rette for at fleire av dei skal kome også i framitida.

Foto: Jarle Tor Åsebø

Ikkje mål å vere størst

- Er de fylkets største skisenter også om ti år?

- Nei, det kan eg ikkje garantere. Og vi har heller ikkje hatt som mål å vere størst i fylket. Vårt mål er å vere eit godt skisenter for denne regionen her og at folk kan finne ulike tilbod hos oss dei vil bruke, seier Bjørhovde.