Hopp til innhold

Hareide sin nære allierte snudde: – Det var tårer

Tore Storehaug var blant dei raudaste delegatane på landsmøtet i fjor. På torsdag vende han ryggen til Hareide og var med på å sikre ei borgarleg fleirtalsregjering.

Den høytidelige åpningen av det 162. Storting.

FRÅ RAUDT TIL BLÅTT: Tore Storehaug var ein av fire raude medlemer som vende ryggen til Knut Arild Hareide sin regjeringsdraum.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Eg stemte for. Retningsvalet var allereie tatt og avtalen var god ut frå vedtaket vårt på landsmøtet, seier Storehaug.

Tidlegare reiste han land og strand rundt for å overtyde partifellar om å følge Knut Arild Hareide sitt ønske om å gå til venstre i politikken, før han sjølv tok til høgre på torsdag. Stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane har vore ein viktig støttespelar for Knut Arild Hareide.

Med berre to stemmers overvekt sikra nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad avgangen til Hareide og KrF i regjering. Storehaug skildrar gårsdagens landsstyremøte som alvorsprega og tårevått.

– Det var tårer, og det var sikkert dramatikk.

Ekstraordinært landsmøte i KrF

STRIKKA BLÅTT, MEN STEMTE RAUDT: På det ekstraordinære landsmøte til KrF i fjor stemte Storehaug raudt.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Fire snudde

Storehaug var ein av fire raude medlemer som vende ryggen til Hareide sin regjeringsdraum. VG melder at dei tre andre var fylkesleiar Ingelin Noresjø, fylkesleiar Espen Hasle og KrFU-nestleiar Edel-Marie Haukland.

Stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane har ikkje ambisjonar om noko statsrådpost i regjeringa.

– Eg trur ikkje det blir ei rolle i regjeringa. Det er naturleg at eg skal jobbe for KrF sin politikk på Stortinget, seier Storehaug.

Berre ein liten time etter at KrF gjekk i regjering, hadde fleire allereie avslutta medlemskapen sitt i partiet.

– Det er leit. Spørsmålet har vore vanskeleg for mange. Det må vi ha respekt for, seier Storehaug.

Då landsmøtet til KrF gjekk til høgre i retningsvalet i fjor, skildra Storehaug det som eit bilkrasj og kjærleikssorg på same tid. No er han klar for å jobbe for regjeringsplattforma.

– Vi har fått på plass mykje bra. Blant anna handlingsplan mot uønskte svangerskap og abortar, med eit klart mål om å få aborttala ned.

SNUDDE: Tore Storehaug var med direkte i morgonsendinga i NRK Sogn og Fjordane, og forklarte kvifor han stemte for regjeringsplattforma.