Hopp til innhold

Opnar for tvangsekteskap på Vestlandet

Knut Arild Hareide seier at Stortinget kan bruke tvang om Sogn og Fjordane insisterer på å stå åleine. Saman med Venstre sit han på nøkkelen når fylke skal verte slått saman, og no åtvarar han fylkespolitikarane.

KrF-leder Knut Arild Hareide med armene i kors i stortingssalen

FOR LITE: Med vel hundre tusen innbyggjarar vert Sogn og Fjordane for lite når Stortinget skal dele inn Noreg i ti regionar, seier leiar i KrF Knut Arild Hareide.

Foto: Barit Roald / NTB scanpix

– No skal vi ha større einingar her i landet. Dei skal vere robuste regionar, og eg kan vanskeleg sjå føre meg at det er naturleg at Sogn og Fjordane held fram åleine.

Fylkesordførarane i tre vestlandsfylke jubla etter at dei vart samde om å gå samen til eit fylke, men i fylkestinga er mange politikarar skeptiske.

No tek fleire til orde for at Sogn og Fjordane bør få halde fram som eige fylke. KrF-leiaren understrekar at om fylkestinget seier nei til samanslåing, kan det ende i at Stortinget tvingar fylka saman.

– Vi har vore klare heile vegen på at vi ønskjer om lag ti regionar, og då må nok også Sogn og Fjordane forstå at dei må vere med, seier Hareide.

Eit trekløver av nøgd fylkesordførarar

NØGD TREKLØVER: Dei tre fylkesordførarane Jenny Følling frå Sogn og Fjordane, Anne Gine Hestetun frå Hordaland og Solveig Tengesdal frå Rogaland var godt nøgde etter at dei hadde signert ein intensjonsplan om å gå saman til eit fylke.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Stortinget avgjer

Saman med Venstre sit KrF med nøkkelen i Stortinget, då heile regionreforma er eit kompromiss mellom regjeringa og dei to samarbeidspartia. Om Høgre og Frp hadde fått bestemme åleine hadde det kanskje ikkje blitt noko storfylke. Dei vil nemleg helst kvitte seg med fylka, og styre landet med berre kommunar og stat.

Leiaren for kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp), har allereie vore klar på at han tykkjer Sogn og Fjordane blir for lite til å stå åleine. Når KrF no seier seg samde, kan det bli vanskeleg for fjordfylket å overleve ei handsaming i Stortinget.

I desember skal dei tre fylkestinga i Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland avgjere om dei vil slå seg saman til eit fylke eller ikkje. Etter jul er det likevel Stortinget som har det siste ordet.

Stortinget

ALL MAKT I DETTE HUS: Fylkestinga i dei tre fylka skal seie sitt i desember, men Stortinget har det siste ordet.

Foto: Erichsen, Jarl Fr., Arkivfoto: Jarl Fr. Erichsen / SCANPIX

Regjeringa og samarbeidspartia håpar nok at fylka skal gå saman frivillig, men i fylkestinget i Sogn og Fjordane er det fleire som murrar.

– Dette har gått veldig fort, og det er mykje vi ikkje veit. Det kjennest litt som eit tvangsekteskap der vi ikkje har fått sjå brura utan slør, seier fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide.

– Dei bløffar

Også når regionane skal opp i Stortinget kan det bli kamp. Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, trur ikkje på Hareide når han opnar for tvang.

– Eg trur ikkje på dette i det heile. Eg trur ikkje på at KrF torer å tvinge Sogn og Fjordane saman med nokon så kort tid før valet, det vil rett og slett vere for upopulært.

Navarsete trur utspelet til Hareide er eit forsøk på å skremme fylkestinget frå å røyste som dei eigentleg vil.

– Det vi ser no er eit forsøk på å presse fylkespolitikarane. Ein vil gjere dei redd for at om dei seier nei, så tvingar Stortinget dei til ein dårlegare avtale. Det er ikkje reelt, Stortinget kjem ikkje til å bruke tvang, seier Navarsete.

Liv Signe Navarsete

KRITISK: Liv Signe Navarsete tykkjer heile regionreforma er ei einaste stor sentraliseringsreform, ho vil mykje heller at Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB Scanpix

– Ingenting blir betre

Navarsete er ein av dei største kritikarane av storfylket, og ho tilrår fylkespolitikarane å røyste nei til intensjonsplanen.

– Eg har spurt mange, men eg har framleis ikkje fått eit svar på kva som blir betre av å slå saman fylke. Sogn og Fjordane er eit velfungerande fylke, og vi treng ikkje dei store avstandane som vi får om ting skal styrast frå Stavanger og Bergen.