Hopp til innhold

Lokallagsleiar: – Opprivande og øydeleggande KrF-bok

FØRDE (NRK): Opprivande og øydeleggande. Etterlengta og rørande. Grasrota i KrF er delte i synet på den nye KrF-boka.

Irene Barmen Hoel med boka "Hareides fall"

FRUSTRERT: Irene Barmen Hoel i Sunnfjord KrF har lite sans for boka «Hareides fall».

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg blei lei meg. Det var ein opprivande debatt i fjor, med såre kjensler. Vi har prøvd å byggje partiet opp att etterpå. Då er det opprivande med ei slik bok.

Det seier Irene Barmen Hoel som leiar Sunnfjord KrF om den ferske boka «Hareides fall».

Ho var blant dei som ville at KrF skulle gå i regjering. Ho presiserer at ho ikkje har lese boka, men har lest fleire av omtalene.

– No er vi eitt lag som skal stå i lag. Vi skal byggje kvarandre opp. Då er det øydeleggande å kome med negative karakteristikkar. Særskild av den som no er valt til leiar.

Emil André Erstad var den nærmaste rådgjevaren til KrF-leiar Knut Arild Hareide. Han har skrive bok om korleis han opplevde tida rundt det dramatiske vegvalet i partiet.

Der kritiserer han nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad for å vere kyniske og illojale, og sjefen sin, Hareide, for å vere for veik og ettergjevande:

Eg kjende på ei overveldande kjensle av svik. Det Kjell Ingolf hadde sagt til meg, berre litt over ei veke tidlegare, kunne han ikkje ha meint. (...) Det var noko kynisk og kaldt med det heile som gjorde meg forbanna.

Emil André Erstad / Hareides fall, Samlaget 2019
Knut Arild Hareide, Kjell Ingolf Ropstad og Emil André Erstad i Arendal

FORFATTAR OG RÅDGJEVAR: Emil André Erstad (t.v.) har skrive boka som er hard mot både Kjell Ingolf Ropstad (midten) og Knut Arild Hareide (t.h.). Her var dei saman på Arendalsuka i 2017.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

– Boka vil lækje sår

– Eg har bestilt boka, og gleder meg til å lese den.

Stein Robert Osdal

FORSONING: KrF-ordførar Stein Robert Osdal trur boka vil lækje sår i partiet.

Foto: Anna Gytri / NRK

Det seier Stein Robert Osdal som er fylkesnestleiar i Sogn og Fjordane KrF, og avtroppande ordførar i Selje.

– Eg trur det er viktig at vi får sett søkelys på prosessen. No får vi eit bilete av kva som skjedde i kulissane. Skal vi kome oss vidare er vi nøydde til å vite kva som skjedde også i lukka forum. Eg trur boka er med på å lækje sår.

– Korleis kan ei bok som kjem med harde skuldingar mot nestleiarane vere med på å lækje sår?

– Fordi vi får vite kva som skjedde i lukka forum. Og kva grep som vart brukt frå både raud og blå side. Det er viktig for å kunne gå vidare.

Klump i halsen

– Kjenslene kjem tilbake. Eg får klump i halsen av å lese den.

Gloppen KrF, Audun Mundal

TRIST: Audun Mundal melde seg ut i protest. Han får klump i halsen av boka om vegvalet i KrF.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det seier Audun Mundal som har begynt på boka frå Erstad.

Han trekte seg i protest som fylkesnestleiar og leiar i Gloppen KrF då KrF gjekk i regjering med Framstegspartiet.

– Eg kjenner meg att i dei tankane som Erstad presenterer. Det var ei trist tid for alle oss som ville ein annan veg for partiet.

På andre sida står Irene Barmen Hoel, som meiner boka skader fredsarbeidet i partiet.

– Eg synest det er trist at ein skal rive opp att i det som var. Eg synest vi skal legge bak oss det som var, og sjå framover.

– Men er det ikkje enklare for deg å gå vidare, sidan det var ditt syn som vann fram?

– Det kan du seie. Uansett tenkjer eg at vi ikkje kan sjå bak på det som var. Vi kan ikkje drive og snakke ned leiinga vi har no.