NRK Meny
Normal

Håre kåra til tidenes venstreback

Med Gunnar Sigmar Håre på venstreback, er forsvarsrekkja til tidenes sogndallag komplett.

Steinar Aase scorer mot Sogndal i cupfinalen 1976

TIDENES VENSTREBACK: Gunnar Sigmar Håre kom litt for seint til å hindre Steinar Aase gje Brann 1-0 i cupfinalen i 1976.

Foto: Owesen, Paul / SCANPIX

Sogndølen med 250 kampar for Sogndal rista av seg alle konkurrentane i NRK si kåring av tidenes Sogndal-lag.

I forsvarsrekka får Gunnar Sigmar Håre selskap av Petter Melchior på venstraback og midtstopparane Asle Hillestad og Arild Førde. Terje Skjeldestad er kåra til tidenes keeper.

I kampen som tidenes venstreback vart Håre ein suveren vinnar framfor Ole Hjelmhaug, Christian Kalvenes og Roar Fredriksen.

- Når eg høyrer namna på dei eg konkurrerte med, så er eg audmjuk. Eg må innrømme eg tykkjer det er litt artig. Det er trass alt blitt ein del år sidan, seier Håre.

- Fantastisk oppleving

Gunnar Sigmar Håre

ANNO 2011: Gunnar Sigmar Håre arbeider i dag som lærar i Høyanger.

Foto: Anita Dåvøy Forfod

Tidenes venstreback på saftlaget vaks opp i Fjøra, og spelte for Sogndal frå 1972 til 1976. Etter det tok han eitt år med Bodø/Glimt på grunn av militæret, før han kom attende og spelte for Sogndal til og med 1982-sesongen.

Håre seier det er liten tvil om kva som er høgdepunktet i karrieren: Cupfinalen mot Brann i 1976.

- 76-sesongen var heilt utruleg. Det var kun cupfinalen mot Brann vi tapte det året. Det var ei fantastisk oppleving, seier Håre som vart rekna som Sogndal sin bestemann i cupfinalen.

To finaletap

Håre er ein av svært få som har spelt cupfinalar to år på rad - for to ulike klubbar. Året etter nederlaget mot Brann, tapte Bodø/Glimt 0-1 for Lillestrøm.

Sogndølen stod også for det første offisielle eliteseriemålet på Aspmyra. Kanonskotet kom så fort at kamermannen til NRK ikkje fekk det med seg.

- Det var veldig greitt å komme til Bodø/Glimt. Begge hadde lokal profil med kvar sin store sjef; Svein Bakke i Sogndal og Harald «Dutte» Berg i Bodø. Dutte var ein veldig stødig kar og ein veldig fin type, seier Håre.

La opp

Etter to lengre skadeavbrot, la Håre opp etter 1982-sesongen.

- Eg flytta til Høyanger i 80, og byrja på skule her. Vi rykte opp i eliteserien i 1982, men eg var plaga med mykje skade. Det vart mykje pendling og etterkvart fekk eg jobb og vart verande i Høyanger. Etter to skadeavbrekk fann eg ut det var nok, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser