Hopp til innhold

Hardt pressa Sogndal kapra viktig poeng

FOSSHAUGANE (NRK): Sogndal har størst grunn til å vera nøgd etter å ha spela 1–1 mot Strømsgodset.

Martin Ramsland

OPNA KONTOEN: Martin Ramsland skåra sitt fyrste seriemål i år då han utlikna mot Strømsgodset på Fosshaugane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Verken Sogndal eller Strømsgodset var nøgde med serieopninga før dei møttest på Fosshaugane Campus søndag kveld. Med to skot i tverrliggjaren hadde Strømsgodset hadde dei største sjansane i kampen, og eit tidvis hardt pressa Sogndal kapra såleis eit viktig poeng mot gjestene frå Drammen.

Trenar for Godset var noko skuffa over resultatet.

– Eg følte at vi skulle hatt alle tre poenga, seier Strømsgodset-trenar Tor Ole Skullerud til Eurosport.

Hjå Sogndal-trenar Eirik Bakke var stemninga annleis.

– Eg er nøgd. Vi kunne fort fått eitt mål på slutten. Vi nektar å tape på heimebane, så vi gler oss over dette, seier han til Eurosport.

Laster innhold, vennligst vent..

Gjestene frå Drammen kom best i gang. Berre fem minuttar ut i kampen skaut dei blåkledde i tverrliggjaren, og i det 14. minuttet fekk drammensarane utteljing, då Bassel Jradi tok med seg ballen nokre meter – utan å bli pressa av sogndalsforsvaret – og klinka til frå cirka 20 meter og rett i det lengste hjørnet. 1–0 til Godset.

Sogndal kjempa seg inn i kampen, og etter 31 minuttar kom vertskapet på ei kontring. Sogndal vann ballen høgt oppe i bana, og ballen enda hjå Martin Ramsland, som sette fart inn i 16-meteren. Frå skrått hald sette han kula kaldt i lengste hjørne forbi Godset-keeperen. 1–1.

Den andre omgangen starta på det same viset som fyrste: Strømsgodset pressa sogningane bakpå, og nærast kom målskårar Jradi i det 59. minuttet då han skrudde ballen i tverrliggjaren.

Etter kvart kom Sogndal meir med i kampen, og i det 78. minuttet fekk innbytar Lars Christian Kjemhus losna skot inne i Godset sin 16-meter, men nærare farlege målsjansar kom ikkje vertane. Laget skal ver skal vera nøgde med eitt poeng mot den tradisjonsrike klubben mot Drammen.

Laster innhold, vennligst vent..