Hopp til innhold

Hardt press mot rådmannslaget

Alle dei politiske partia i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal krev at Sunnmøre rådmannslag offentleggjer alle årsrekneskapa sine.

Rådmennene i laget har fått hard kritikk for å ha reist på sponsa utanlandsturar, men har ikkje vilja leggje fram rekneskap for meir enn dei to siste åra.

- Ein rein farse

Det får 14 fylkesleiarar i to fylke til å reagere.

Bakgrunnen for det unisone kravet om full offentleggjering er det mange av fylkesleiarane omtalar som ein rein farse. I vinter avdekka NRK at rådmennene i Nordfjord, Sunnmøre og deler av Romsdal med ektefeller har vore på ei rekkje sponsa utanlandsreiser, seminar og julebord.

Massivt krav

Etter press vedtok rådmannslaget i mars å slutta med sponsa turarar. Kravet om fullt innsyn i inntektene og utgiftene i laget har etter det vore massivt, men interesseorganisasjonen for rådmennene har sagt nei til å offentleggjere meir enn rekneskapa for 2006 og 2007.

- På eit lågnivå

Åge Starheim
Foto: NRK

Rådmannslaget seier rekneskapa har vore førde for grovmaska til at alle kan få fullt innsyn. Det argumentet imponerer ikkje leiar i Sogn og Fjordane Framstegsparti, Åge Starheim.

- Det er på eit lågnivå, seier han.

Grunngjevinga har heller ikkje falle i god jord i Regjeringa. Statssekretær i Kommunaldepartementet, Dag Henrik Sandbakken, oppmoda i april Sunnmøre rådmannslag om å vere mest mogleg opne om budsjett og rekneskap.

- Ein må ha full openheit om slike forhold, slik at ein kan oppretthalda eit tillitsforhold mellom administrasjonen til kommunen og innbyggjarane.

Sterk oppmoding

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har konkludert at rådmannslaget ikkje har plikt til å offentleggjere, men har oppmoda dei sterkt om å gjere det. Det same har ordførarar, tidlegare regjeringsmedlemmer og ekspertar på offentlegheit i forvaltning og kommuneetikk.

Dessutan har to av fire rådmenn trekt seg i protest frå styret i Sunnmøre rådmannslag, fordi dei ikkje har fått gjennomslag for å gi fullt innsyn i dei omstridde rekneskapa.

- Går ut over truverdet

Og i dag krev altså alle fylkesleiarane i dei politiske partia i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal full offentleggjering. Hemmeleghald vil gå utover truverdet til rådmennene, meiner leiar i Møre og Romsdal Venstre, Trond Hansen Riise.

- No er det allereie ville spekulasjonar om kva dei ønskjer å skjule. Dette rammar ikkje berre desse personane som er involverte, dette rammar faktisk heile den offentlege sektor i to fylke. Den einaste måten å få ro på, er å vise rekneskapen.

Ikkje einig

Sunnmøre rådmannslag har varsla at dei skal ha eit styremøte ein av dei fyrste dagane, der dei skal ta stilling til om dei skal kalle inn til eit ekstraordinært årsmøte. Det er eit slikt årsmøte som kan ta stilling til om rådmannslaget skal offentleggjera alle budsjett og rekneskap.

Fungerande leiar Lasse Larsson Fjørtoft har gjort seg utilgjengeleg for NRK. Dato for eit ekstraordinært årsmøte er difor ikkje kjend. Men onsdag sa Larsson Fjørtoft at han ikkje føler at laget blir pressa frå stadig fleire hald.

- Den massive kritikken har eg ikkje opplevd, anna enn gjennom media.

- Tek ikkje signala

Åge Starheim i Sogn og Fjordane Frp seier at dette er total mangel på å ta signal.

- Folk lurer på om det ligg noko snusk her, og mistanken blir berre større og større for kvar gong dei uttalar seg. Dei bør fortast mogeleg få ut informasjon til folket om dette, og då vil det vise seg om det er slik dei seier.