Hopp til innhold

Inga avklaring om Førde-ordførar

Det var like før klokka 04 inga avklaring om kven som får ordførarklubba i Førde.

Olve Grotle i diskusjon med politikarar.

SAMARBEID: Det vart tidleg klart at Høgre ynskjer samarbeid med Venstre og KrF. Her er ordførarkandidat Olve Grotle (H) i samtale med Bjørn Harald Haugsvær, Bjørn Urnes og Jan Thaule.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Høgre, som vart det største partiet under kommunestyrevalet, ynskjer samarbeid med KrF og Venstre. Eit samarbeid som gir 12 av 27 representantar i kommunestyret.

Med andre ord må dei ha med seg anten Senterpartiet, SV eller Frp for å få fleirtal. Senterpartiet, Venstre og KrF sat utover natta i møte med Høgre.

Samarbeid mellom Høgre og Arbeidarpartiet ville gjeve 15 representantar i kommunestyret. Fram til klokka 04 hadde Olve Grotle og Høgre ikkje vore i forhandlingar med Arbeidarpartiet.

Etter det NRK kjenner til vart Frp tilbode varaplass til formannskapet, noko partiet ikkje var interesserte i.