NRK Meny
Normal

Hard septemberveke for Sogndal

Den utsette eliteseriekampen mellom Rosenborg og Sogndal er flytta til 22. september.

Cato Hansen taklar mot Rosenborg

UAVGJORT: Sogndal spelte 1-1 mot Rosenborg 30. juli i år. No har NFF bestemt datoen for returoppgjeret.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kampen skulle etter planen spelast 22. mai i år, men vart utsett på grunn av fotballstreiken .

Medan dei andre kampane vart spelt 29. juni, vart oppgjera til Aalesund og Rosenborg utsett på ubestemt tid på grunn av laga sine europacupkampar.

No har fotballforbundet bestemt at eit sogndallaget på poengjakt for å unngå nedrykk, skal til Lerkendal 22. september.

Det blir midt mellom mellom Sogndal sine oppgjer mot Viking (b) og Brann (h), og betyr tre vanskelege kampar på ei veke for Harald Aabrekk & co.

Resultatet vart 1-1 då tilsvarande kamp vart spelt på Fosshaugane.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser