Bandet, som spelar garagerock, runda av med å spele kjenningsmelodien frå tv-serien Cheers.
– Viss du ikkje blir glad av den låta, då er du eit dårleg menneske, seier Schau.
- Les også:
- Les også:
Takka publikum
I lett regn klokka halv to gjekk rockebandet The Dogs, med Kristopher Schau som frontfigur, på scena. Etter konserten gjekk bandet ut blant publikum, klemte dei og takka for at dei kom på konserten.
– Vi er veldig glad i å bruke den avslutninga. Publikum kom trass i regn og at vi spelte svært tidleg, fortel vokalisten.
- Er du på Malakoff? Merk gjerne bileta din med #nrksf. Du kan også følgje oss på Instagram – @nrksf
– Rart å spele tidleg
Det var ikkje berre i etterkant av konserten av bandmedlemmane viste seg frå ei mjukare side enn musikken skulle tilseie.
– Vi klemmar mykje på scena. Det handlar om at vi spelar inn alle platene våre live, så når alt sitter som det skal blir vi veldig lukkelege fordi vi er avhengige av at alle treff på same tid, seier Schau.
Han har tidlegare spelt på festivalen som medlem av andre band, men har aldri spelt så tidleg på dag.
– Det er rart å spele så tidleg, men det har skjedd noko med oss som band. Den sterkaste musikkopplevinga vi har saman var på lydprøva til morgonprogram på tv klokka 04.15, seier vokalisten.