NRK Meny
Normal

Hard rock frå mjuke menn

NORDFJORDEID (NRK): Det vart ein hard start på dag to av Malakoff Rockfestival. The Dogs entra scena med hardtslåande rock, men avslutta med å klemme publikum.

The Dogs klemmer publikum

– TAKK FOR AT DE KOM: Etter at konserten var avslutta gjekk bandet ned i publikum og delte ut klemmar.

Foto: Alf Vidar Snæland

Bandet, som spelar garagerock, runda av med å spele kjenningsmelodien frå tv-serien Cheers.

– Viss du ikkje blir glad av den låta, då er du eit dårleg menneske, seier Schau.

Takka publikum

I lett regn klokka halv to gjekk rockebandet The Dogs, med Kristopher Schau som frontfigur, på scena. Etter konserten gjekk bandet ut blant publikum, klemte dei og takka for at dei kom på konserten.

– Vi er veldig glad i å bruke den avslutninga. Publikum kom trass i regn og at vi spelte svært tidleg, fortel vokalisten.

Varme

DELTE PÅ VARMEN: Ein våt og kald start på dagen, men varmen frå bandmedlemmane spreidde seg til publikum.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Rart å spele tidleg

Kristopher Schau

FESTIVALGJENGANGAR: Kristopher Schau er godt nøgd med konserten på festivalen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det var ikkje berre i etterkant av konserten av bandmedlemmane viste seg frå ei mjukare side enn musikken skulle tilseie.

– Vi klemmar mykje på scena. Det handlar om at vi spelar inn alle platene våre live, så når alt sitter som det skal blir vi veldig lukkelege fordi vi er avhengige av at alle treff på same tid, seier Schau.

Han har tidlegare spelt på festivalen som medlem av andre band, men har aldri spelt så tidleg på dag.

– Det er rart å spele så tidleg, men det har skjedd noko med oss som band. Den sterkaste musikkopplevinga vi har saman var på lydprøva til morgonprogram på tv klokka 04.15, seier vokalisten.

Her kan du sjå korleis Malakoff-festivalen tek seg ut i fugleperspektiv. (Video: Joar Ødegård/Himmelhøgt
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser