Hopp til innhold

Stor usemje i landbruksdebatt fredag

Det gjekk heitt for seg i ein landbruksdebatt mellom Senterpartiet og Venstre fredag ettermiddag. Høyr heile debatten nedst i saka.

Sveinung Rotevatn og Sigurd Reksnes

EKSTREMT SURMAGA? Det gjekk heitt for seg då Sigurd Reksnes og Sveinung Rotevatn møttest til debatt om landbruksoppgjeret. Høyr heile debatten lenger nede.

Foto: Montasje: NRK

Onsdag kveld vart regjeringa og støttepartia samde om årets jordbruksoppgjer. KrF og Venstre fekk plussa på 250 millionar til bøndene.

Men spørsmålet er: Kjem landbruket i Sogn og Fjordane betre ut av det etter avtalen?

Ja, seier Venstre.

Nei, seier Senterpartiet.

«Rotevatn er ekstrem»

I etterkant av jordbruksavtalen regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og støtteparti Venstre og Kristeleg Folkeparti kom fram til, har reaksjonane frå bøndene vore blanda.

Senterpartiet har ikkje vore nøgde, og fleire topp-politikarar i partiet har kritisert avtalen. Mellom anna har Geir Pollestad uttalt at det manglar over 500 millionar kroner for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper.

Første nestleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane, og gruppeleiar i Eid Senterparti, Sigurd Reksnes, gjentek kritikken.

– Vi fekk i regjering starta på jobben med å redusere inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper. Regjeringa har skapt stor uro. Få bønder i Sogn og Fjordane kjem til å tene på den landbrukspolitikken som Venstre og Kristeleg Folkeparti, saman med Høgre og Framstegspartiet, legg opp til, seier han.

– Vil du ikkje også gje litt kreditt til Venstre og KrF for at dei har betra det som du meiner var eit dårleg utgangspunkt?

– Om eg skulle seie noko positivt, vil det vere at Rotevatn og Listhaug som personar ikkje har fått gjennomslag for dei mest ekstreme standpunkta deira.

«Makan til surmaga reaksjon»

Den karakteristikken likte ikkje stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

– Eg må få lov å seie etter denne innleiande kanonaden frå Sigurd Reksnes, at makan til surmaga reaksjon, altså!

Han er slett ikkje samd i at oppgjeret er dårleg, korkje for bøndene eller for Sogn og Fjordane.

– Vi har auka ramma med 250 millionar kroner. Det gir solide moglegheiter for å ta ut høgare inntekt. Vi har sørga for betraktelege hevingar og betringar i tilskotsordningane for sau, det er veldig viktig for fylket vårt. Det er eit oppgjer som står seg godt, seier Rotevatn.

Reksnes er meiner avtalen er dramatisk.

– Dei snakkar om å doble kvotetaket på mjølk. Det er veldig få stader i Sogn og Fjordane der nokon kan produsere ein million liter mjølk i ein fjøs utan å køyre seg i hel med traktor. Det er ein del element i avtalen mellom regjeringa og støttepartia som vi meiner vil vere veldig strukturdrivande og vil ha negative konsekvensar for landbruket i Sogn og Fjordane på lang sikt, seier Reksnes.

Bra eller ikkje?

– Mjølk har vore nemnd av fleire som grunnleggjande for landbruket i Sogn og Fjordane. Rotevatn, dei små bruka i Sogn og Fjordane kjem relativt dårleg ut her. Ser du at det er uheldig for fylket?

– Eg er ikkje einig med at dei kjem dårleg ut. Det er nokre som ikkje kjem i pluss, som får eit nulloppgjer. Men det vi gjer med avtalen i Stortinget er å auke tilskotet til mjølkebruk. Så hevar vi kvotetaket, slik at det er mogleg å drive enno større for dei som har mange kyr. Det er bra for norsk sjølvforsyning, det er bra for dei som verkeleg ønsker å satse. Vi har gått til val på ein annan politikk og fått gjennomslag for den. Avtalen gir betre inntektsmoglegheiter og satsar på dei som ønsker å drive stort, og sikrar samtidig at vi ikkje slår beina under dei som driv i mindre skala. Det er bra for Sogn og Fjordane og bra for Noreg, seier Rotevatn.

– Sigurd Reksnes, er ikkje dette resultatet brukbart, ut ifrå det som er Venstre og KrF sin politikk?

– Det er merkeleg å høyre Rotevatn sei at dette er eit oppgjer som er bra for landbruket. Bonden lever av kroner og øre, slik som alle oss andre. Dersom vi skal sikre rekruttering til landbruket, dersom ungdomen skal finne det interessant og overta gardane, må vi leggje til rette for at inntektsavstanden mellom landbruket og andre grupper er minst mogleg. Det regjeringa, KrF og Venstre legg opp til er ikkje å redusere dei inntektsforskjellane, seier Reksnes.

Kva seier bondeorganisasjonane i fylket?

Organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane Bondelag, Merete Støfring, er glad for nokre endringar KrF og Venstre har pressa gjennom – men skeptisk til andre deler av avtalen.

– Korleis vil du summere opp avtalen dei har kome fram til?

Merete Støfring

MELLOMNØGD: Bra for sau, dårleg for kyr, seier Merete Støfring.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dei har fått nulla ut kutta til regjeringa med desse 250 millionane, slik at budsjettløyvingane er lik null.

– Mange var redde for at små bruk på Vestlandet kom dårleg ut: Har det forandra seg?

– Profilen har endra seg innanfor nokre produksjonar. Spesielt sau, der har dei gjort nokre grep som gjer at dei mindre har kome litt betre ut, utan at det går ut over økonomien til dei store. Der skal vi gje dei skryt.

– Når det gjeld frukt og grønt og bær har dei lagt inn igjen pengane som regjeringa hadde fjerna, der har dei også nulla ut. Det har ikkje gjeve noko vekst, men kutta er vekke.

– Det er mjølk som er den største utfordringa i dette oppgjeret. Det er ingen forventa inntektsvekst for grunnfjellet i mjølkeproduksjonen: Då snakkar vi om dei med mellom 15 og 30 kyr med ein produksjon på 150–250 tusen liter.

Støfring forventar meir av seinare oppgjer.

– Dei har gjort nokre grep, men framleis er dette eit oppgjer med ein sterk struktur i retning av mykje større bruk. Det vil ikkje rasere landbruket på kort sikt. Men skal vi auke matproduksjonen på lang sikt, må vi ta i bruk alt areal. Og der er ikkje dette landbruksoppgjeret ei løysing.

Høyr heile debatten her:

Landbruksdebatt på radio fredag 29. mai.