Hopp til innhold

Hard konkurranse om arbeidskraft

Det ligg an til knallhard konkurranse om arbeidskrafta i Førde. Fleire store varehus er i ferd med å etablere seg samstundes som arbeidsløysa har gått kraftig ned.

Bygging av Ica Maxi
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ei av kjedene som etablerer seg er Ica Maxi. Butikken skal opne til hausten, og stormarknadssjef Håkan Winblad fortel at dei er i gong med å finne tilsette.

- Vi skal tilsette omlag 40 tilsette til dei næraste vekene, seier han.

Industri, transport og varehandel

Arbeidsløysa har gått kraftig ned den siste tida, noko som kan føre til mangel på arbeidskraft, særleg innafor industri, transport og varehandel. Distriktssjef i Aetat Førde, Vidar Vassenden, trur verksemdene kan få eit problem med å skaffe nok tilsette.

- Eg trur at det på sikt vert mangel på arbeidskraft til fleire typar stillingar i Førde, seier han.

Treng 150 nye medarbeidarar

I tillegg til Ica Maxi, skal store kjeder som Coop, Biltema og Plantasjen etablere seg i Førde om kort tid. Coop treng aleine rundt 50 tilsette, og totalt er det truleg behov for rundt 150 nye medarbeidarar i byen.

- Det krev ein kompetanse som går på mellom anna service-innstilling, så alle kan nok ikkje jobbe i butikk. Eg trur fleire vil få problem med å finne kvalifisert arbeidskraft, seier han.