Hopp til innhold

Harastølen kan bli selt - for berre éi krone

Harastølen kan få nye eigarar. Men først må kjøparane bevise at dei har pengar og planar som gjer dei i stand til å ta vare på bygget.

Harastølen

NYE EIGARAR: Dei som kan få kjøpe Harastølen må det neste året bevise at dei har både pengar og planar som er gode nok til å ta vare på bygget.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det gamle bygget som ruvar høgt i fjellsida over Luster, står til forfall. Så ille står det til at eigar Tinfos og Luster kommune har gått inn for å rive Harastølen.

Men i mars la ein privatperson ut ei annonse på Finn.no og annonserte det gamle sanatoriet til sals for begge éi krone. Interessa let ikkje vente på seg, og av dei over 100 interessante jobbar Tinfos no vidare med to av dei.

Ein av dei kan få kjøpe bygget. Men det skjer tidlegast om eit år frå no. Administrerande direktør i Tinfos, Tor Søve Syverud, seier dei først vil vere trygge på at dei nye eigarane har det som trengst.

– Dei må bruke tida godt, seier Syverud til NRK.no.

Har stått til forfall i årevis

Harastølen var ein gong eit av dei største spesialsjukehusa i Norge. Tørt klima, furuskog og tynn fjelluft skulle hjelpe mot folkepesten tuberkulose.

Harastølen blei reist i 1902 og tuberkulosepasientar fekk behandling her heilt til 50-talet. Etter dette var det psykiatrisk sjukeheim og asylmottak, før det blei folketomt på starten av 90-talet og forfallet starta.

Både politikarane i Luster kommune og eigar Tinfos har gått inn for å rive bygget. Kommunen har i det lengste håpa at nokon skulle vere interesserte i Harastølen, men har ikkje lukkast med å finne nye eigarar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Harastølen forfell

SJÅ VIDEO: Harastølen forfell grunna hærverk og manglande vedlikehald. TV-saka er frå vinteren 2012.

Kan bli selt for ei krone

Men då bygget i vår vart lagt ut for sal til ei krone vart folk ivrige. Privatpersonen Kenneth Sølvberg frå Stryn har sjølv ingen eigarinteresse i bygget, men fordi han er fascinert av bygget gjorde han dette i håp om å unngå riving.

Dale i Luster med Harastølen

HØGT OPPE: Harastølen ruvar i fjellsida over Luster.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Og no kan det sjå ut til at det faktisk kan skje.

Eigar Tinfos har jobba vidare med eit par av dei over 100 som melde si interesse. No er det to potensielle kjøparar igjen, og om dei viser seg å ha det potensialet som Tinfos er ute etter kan dei få bygget til ei krone.

– Sjølv om annonsen vart sett inn utan løyve frå oss, har vi valt å stå ved tilbodet om ei krone. Dersom det kjem kjøparar som er seriøse nok, seier Administrerande direktør i Tinfos, Tor Søve Syverud.

Syverud vil ikkje gå i detaljar om kven som er dei to potensielle kjøparane. Han kan avsløre at dei begge driv innanfor det han kallar «helsesegment», og at det ikkje er snakk om lokale kjøparar.

Må bevise – om ikkje blir bygget rive

Selskapet vil ikkje selje bygget over natta, og det er også viktig for dei at Luster kommune velsignar salet.

Håpet er at dei nye kjøparane allereie i sommar kan starte strakstiltak på bygget, for å vise at dei meiner alvor.

– Føresetnaden vil vere at vi no går inn i ein periode der bygget må sikrast mot ytterlegare forfall og der eit forsiktig restaureringsarbeid blir sett i gang. Det er snakk om tak, drenering, fasade, vindauge og den type ting.

– Arbeidet i denne perioden, i tillegg til finansiering og planar framover, vil vere utslagsgivande for om ein meiner dette er ei løysing eller ikkje.

– Viss svaret er nei, så kjem vi som eigar til å stå ved at vi set i gang med ein rivingsprosess, seier Syverud.

Den av dei to interessante som får ein opsjonsavtale om kjøp av bygget må altså bruke det neste året godt.

– Vi vil sjå på det som blir lagt fram om eitt år, om det er realistisk, seier Syverud.

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, seier til NRK.no at dei skal ha eit møte med Tinfos på slutten av sommaren der dette blir eit tema.