Hopp til innhold

Harastølen blir tidlegast riven om to år

No startar arbeidet med planane som kan bety slutten for Harastølen. Eigarane, kraftselskapet Tinfos, har mista trua på å bevare det tidlegare tuberkulosesanatoriet.

Harastølen i forfall

TRIST LAGNAD: Ein gong var det eit påkosta og moderne sjukehus. No har Harastølen stått tomt i 24 år.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Riving av Harastølen-bana

FØRSTE STEG: Taubanebygget ved fjorden, som høyrde til gondolbana som gjekk opp til Harastølen, vart fjerna i 2012. No kan det gå same vegen med hovudbygningen 500 meter over havet.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Høgt oppe i ei fjellside i Luster har majestetiske Harastølen stått i over hundre år. Reist som ein behandlingsstad for tuberkulosepasientar, seinare brukt som både psykiatrisk sjukehus og asylmottak. Men dei siste tjuefire åra har det stått tomt og til forfall.

– Sjølve sanatoriebygget er det ingen som greier å få økonomi i. For kvart år som går er det eitt steg nærare riving, seier administrerande direktør i Tinfos, Rune Ingels.

Ikkje økonomi i kraftplanar

Det har ikkje mangla på luftige planar, om høgfjellshotell, buddhistkloster og helsesportsenter. Men alle har stranda i mangelen på økonomiske musklar. No legg eigarane nye planar for Harastølen, planar som kan bety riving.

Villmark 2

FRÅ FIKSJON TIL RØYNDOM: Ideen til den norske skrekkfilmen Villmark 2, med Anders Baasmo Christiansen i ei av hovudrollene, kom då det først vart kjent at kommunen ønskte å rive bygget. No det dei planane eitt steg nærare realisering.

Foto: Another World Entertainment Norway AS

– Riving vil ikkje skje før reguleringsplanen er godkjent og planane klare til å bli gjennomførte. Eg vil tru det vil ta i alle fall to år før rivingsarbeidet byrjar, seier Ingels.

Harastølen har vorte ei hovudpine for kraftselskapet, som kjøpte plassen på grunn av fallrettane. Ved årsskiftet i fjor fekk dei konsesjon til å byggje eit vasskraftverk her. Men slik prisane er no, vil ikkje ei utbygging lønne seg.

– No er kraftprisane på eit absolutt minimum og desse grøne sertifikata, som vi skulle tent pengar på, er òg prisa lågt. Så viss vi skal ta dagens prisar så er det ikkje økonomi i å bygge det ut. Men vi har jo tru på at dette vil endre seg, seier Ingels.

Harastølen

EI PERLE: Harastølen ligg vakkert og majestetisk til i fjellsida over Lustrafjorden.

Foto: NRK

Håpet svinn for Harastølen

Riving av Harastølen har blitt diskutert før, men no trur ordføraren i Luster kommune, Ivar Kvalen, at det går mot slutten.

Ivar Kvalen

SYND: Ordførar Ivar Kvalen skulle helst sett at Harastølen vart sett i stand, men trur det går mot riving.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– No har vi brukt nokre år på dette og det verkar ikkje som at Tinfos har greidd å finne noko ein kan bruke bygningen til som kan forsvare totalrenovering. Dei har vel kanskje konkludert med at ein går vidare med rivingsplanane, seier han.

– Korleis ser du for deg framtida til Harastølen, utan hovudbygningen som den er kjent for?

– Harastølen blir nok aldri Harastølen utan hovudbygningen. Når den er vekke, så er Harastølen vekke i mine auge. Bygningen representerer noregshistorie. Eg håper sjølvsagt at vi finn ei løysing som gjer at hovudbygningen kan stå. Men for kvar dag som går, så svinn det håpet litt etter kvart, seier Kvalen.