Har vurdert rådmannen som habil til å bidra i vidare oppfølging av varslarsak

Formannskapet i Aurland kommune har fått ansvar for å følgje opp varslarsaka mot rådmann Steinar Søgaard. Det bestemte kommunestyrepolitikarane då dei var samla torsdag kveld.

Rådmann Steinar Søgaard og ordførar Noralv Distad (H)

VARSLARSAK: Aurland-ordførar Noralv Distad (midten) seier det blir formannskapet som får ansvar for vidare oppfølging av varselet som er retta mot rådmann Steinar Søgaard (til venstre).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det første kommunestyret gjorde var å seie at dette er eit reelt varsel som skal følgjast opp. Kommunestyret har gitt formannskapet ansvar for å følgje opp varselet, seier Aurland-ordførar Noralv Distad til NRK seint torsdag kveld.

– Kva blir rådmannen si rolle i den vidare handsaminga?

– Kommunestyret vedtok at rådmannen ikkje er inhabil. Det blir ikkje valt ein setjerådmann. Rådmann vil vere habil til å vere med å skaffe fram opplysningar og legge til rette saka, men det er formannskapet som står for oppfølginga av varslarsaka, seier Distad.

Det var nettavisa porten.no som i går først melde om at det var kome inn eit varsel mot rådmann Steinar Søgaard som gjekk på kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Verken Søgaard, ordførar Noralv Distad eller Harald Mo i kontrollutvalet i kommune ville i går kommentere ytterlegare detaljar omkring sjølve varselet.

Distad stadfesta i går at varselet kom frå ein tillitsvald, og at det ville bli teke stilling til på kommunestyremøtet torsdag kveld.

Vurdert av to juristar

Til NRK seier Distad torsdag at det er gjort vurderingar av rådmannen sin habilitet av to forskjellige juristar.

– Både jurist som rådmannen har førespurt og jurist som eg som ordførar har førespurt. Ut frå dei opplysningane vi har, er dette ikkje ei sak av ein slik karakter at rådmannen vil vere inhabil. Det er likevel eit varsel om kritikkverdige forhold som må følgjast opp, og det var rett å løfte saka opp eit hakk og at kommunestyret har gitt formannskapet ansvaret for vidare oppfølging.

– Personalkonflikt som har gått over tid

Ordføraren er sparsam med opplysningar om sjølve varselet, men seier saka gjeld ei personalsak.

– Det er ei personalkonflikt som har gått over tid. Det er alvorleg nok. Saka har ikkje blitt løyst, no håpar vi at den får si løysing.

På spørsmål om Distad eller andre i kommunen har vore kjent med saka før varselet kom, seier ordføraren at han ikkje kan kommentere saka ytterlegare.

Rådmann Steinar Søgaard er også ordknapp når NRK snakkar med han seint torsdag kveld. Han vil ikkje gå inn i sjølve saka eller kva type sak det er snakk om.

– Eg som rådmann skal vere med å handtere dette vidare, og så er formannskapet kopla på i forhold til saka, seier han til NRK.