NRK Meny
Normal

Ein fusjon kan mangedoble verdien i Fjord1

Fjord1 har vurdert fusjon med eit anna ferjeselskap, men prosessen er no mørklagt.

Fjord1
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Fjord1 kan slåast saman med eit anna ferjeselskap og dermed gi veldig auke i verdien av fylkeskommunen sitt eigarskap. Det viser hemmelege utrekningar NRK har tilgang til. Utrekningane er utført av selskapet Sparebank 1 Markets.

NRK kjenner til frå informert hald at tidlegare administrerande direktør Leif Øverland jobba med slike prosessar.

Men etter at Øverland slutta har arbeidet vore lagt på is og det skal ha vore lite framdrift i prosessane. Heller ikkje politikarane i fylkestinget eller styret i selskapet er fullt orientert, opplyser kjelder med god innsikt i selskapet og fylkespolitikken.

– Fusjon med Torghatten kan gi milliardgevinst

I fjor drøfta styret i Fjord1 korleis selskapet skal møte ein ferjebransje i omstilling. Stadig fleire samband skal skiftast ut med bruer og tunnelar, og selskapet må ha finansiell styrke for å vinne anbod.

Diskusjonen skal ifylgje personar som kjenner styrearbeidet ført til at dåverande konsernsjef Leif Øverland skulle jobbe vidare med moglegheitene for ei samanslåing med eit anna av dei store ferjeselskapa.

Leif Øverland

SLUTTA: Leif Øverland slutta som konsernsjef i Fjord1 i år.

Foto: Leif Dalen / NRK

Ein moglegheit som då blei sett på er selskapet Torghatten i Nordland, som ein alt no eig Widerøe saman med.

NRK har sett berekningane som har vore heldt hemmelege. Utrekningane gjort av Sparebank 1 Markets for Fjord1 syner at eit samla selskap kan få omsetning kring 8 milliardar kroner, og resultat på opp mot 1,7 milliardar i framtida.

Til samanlikning slit Fjord1 med innteninga i dag. Utrekningane syner at verdien av fylkeskommunen sitt eigarskap kunne vore auka frå kanskje så lite som 400 millionar i dag til over 2 milliardar kroner.

Full mørklegging

Leif Øverland slutta som konsernsjef i år, og det rår full mørklegging om selskapet i dag jobbar med moglegheitene. Verken Reidar Sandal eller fylkesordførar Åshild Kjelsnes vil seie noko.

Dette skjer trass i at fylkespolitikarane for tida vurderer sal og ikkje fusjon, og etter det NRK forstår frå personar med innsikt i styrearbeidet har heller ikkje styret i Fjord1 fått framlagt det konkrete notatet.

Sævik: Storfusjon neppe ei problemstilling

Medeigar i Fjord 1 Per Sævik i Havilafjord seier til NRK at han ikkje trur storfusjon er ei problemstilling no.

– Eg meiner ein no bør ha fokus på å betre innteninga til selskapet, seier Sævik.

Per Sævik

IKKJE FOKUS: Medeigar i Fjord1, Per Sævik i Havilafjord, seier han ikkje trur storfusjon er ei problemstilling no.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er knytt stor spenning til framtida til Fjord 1. Fusjon kan vere eitt alternativ, i så tilfelle må fylkespolitikarane vente nokre år før dei eventuelt kan selje selskapet fordi det tek tid å realisere gevinstane.

Eit anna alternativ kan vere å selje selskapet, eller selje seg meir ned slik at profesjonelle eigarar får kontroll.

Manglar strategisk handlekraft

Av aktørar som har sete tett på prosessane i og rundt selskapet blir fylkeskommunen sitt eigarskap sett på som ei utfordring.

Politikarane, og fylkesordførar Åshild Kjelsnes som er styreleiar i Fjord1 Holding, har ikkje den naudsynte kompetansen til å vurdere kva som er god strategisk forretningsutvikling, og må stole på rådgjevarar og administrasjon.

Fylkeskommunen blir sett på av fleire som kjenner prosessane kring strategisk eigarskap i selskapet som svært forsiktige, og som så opptekne av manglande kompetanse og trong for ekstern rådgjeving, at det svekker selskapet si handlekraft.

Fryktar selskapet rotnar på rot

NRK har snakka med kjelder som kjenner selskapet frå innsida, eit problem er at administrasjonen i Fjord1 ikkje har profesjonelle eigarar å drøfte tunge problemstillingar med, det fører igjen til at prosessane blir unødvendig vanskelege.

Fleire av dei NRK har snakka med, fryktar manglande handlekraft gjer at selskapet rotnar på rot. Dette trass i at mange ventar at oppkjøpet i Widerøe vil vere ei solid investering.

Administrerande direktør i Fjord 1 Dagfinn Neteland kunne i går ikkje kommentere saka, styreleiar Reidar Sandal har ikkje vore tilgjengeleg.