Hopp til innhold

Han har vunne mange prisar for hønene sine

Tage Nondal er stolt hønseeigar, og heilt sidan han var 14 år har han avla på dei fjørkledde skapningane. Den utryddingstruga jærhøna er blitt den store hobbyen hans.

Tage Nondal med høne

TAGE SINE HØNER: Tage Nondal meiner fleire bør få auga opp for jærhøna som er den einaste norske rasen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det er den einaste norske rasen, så det gjer at det er verdt å ta vare på den. Forsvinn denne, så forsvinn ein stor del av norsk husdyrkultur, seier Tage Nondal om den sjeldne rasa jærhøns. Han pleier dei med omhug og har vunne fleire prisar for sine nebbete vener.

Bonden bur på Hafslo, og som hobby driv han med høns. Her avlar han fram jærhøns av beste sort. Hanane og hønene får ikkje gå i lag, for her er eit strengt kjønnsdelt regime, kan han fortelje.

– Eg slepp dei ikkje i hop før eg skal begynne å samle rugeegg og ruge nye kyllingar. Då delar eg opp i stammar, og dei har eg ikkje funne fram til enda. Difor må dei leve i sølibat fram til det, forklarar han.

Utryddingstruga

Forsvinn jærhøna, så forsvinn ein stor del av norsk husdyrkultur.

Tage Nondal

Rasen stammar frå Jæren. Den vart redda frå i bli utrydda ein gong på byrjinga av 1900-talet. I dag vert den teke vare på ved Genbanken for fjørfe ved Hvam Vidaregåande Skole, i tillegg til at det er ei populær hobbyrase.

Jærhøns finst i ein stor variant og ein dverg variant, og dei er anten brune eller kvite.

– Folk som driv med høns, må få opp auga for jærhøna som ei hage- og rasehøne. Folk ser ikkje det potensial som jærhøna har, sjølv starta han med jærhøns allereie i 1998 og har hatt eit forhold til rasen sidan.

(Artikkelen held fram under tv-saka)

Tage Nondal sine jærhøns har vunne mange prisar.

SJÅ TV-SAK: Tage Nondal syner fram dei prisvinnande hønene og hanane sine.

Hane av beste sort

Nondal har vunne fleire prisar for både hønene og hanane sine. Han plukkar ut ein av hanane og syner kvifor denne er av beste sort.

– Kammen følgjer krumminga på nakken, hadde den ikkje gjort det, hadde ein fått trekk med ein gong, fortel han.

Det er òg viktig at hakelappane under nebbet er fine og jamne. Den prisvinnande hanen til Nondal har akkurat passe med brunfarge på kroppen sin og ein flott hale.

Fekk høner som 14-åring

Prisvinnande hane

HEI SVEIS: Kammen til denne hanen krummar seg perfekt nedover nakken.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Berre 14 år gammal fekk han sine første høner. Etter 16 år og mykje arbeid har han no drøssevis med premiar. Frå den siste utstillinga han var på kunne har ta med seg fleire premiar til samlinga si.

– Det mest spesielle er «Championatet». Under ei utstilling vert det gitt eit slikt per 100 dyr, seier han og syner stolt fram utmerkinga og høna som sikre den. Mønsteret denne høna har er tett opp til det optimale, fortel han stolt.