Hopp til innhold

Har vunne alt i Norge – vil gå i Flo-spora

MOLDE (NRK): Per Egil Flo har fått med seg norsk serie- og cupgull, landskampar og gruppesiger i Europa League. Det naturlege steget vidare er proffspel i utlandet.

Per Egil Flo utanfor Aker stadion

AMBISJONAR: Etter ein god vinter med Molde i Europaligaen, skal Per Egil Flo vise seg fram på Aker Stadion i serien.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg er open for det meste. Eg trivst veldig godt i Molde, og vi har eit veldig godt lag no – så eg har ikkje hastverk, seier Per Egil Flo.

Stryningen forlèt Sogndal for snart tre år sidan, og har sidan den gongen teke to NM-titlar og eitt seriegull med Molde. I vinter toppa han karrieren med å vinne gruppespelet i Europa League – for deretter å spele heile kampen då Molde slo dei doble tittelforsvararane Sevilla 1–0 i 16-delsfinalen.

– Neste steg blir å klippe seg

Per Egil Flo er nevø av sportsleg leiar Håvard Flo i Sogndal, og har mykje å slekte på. Onkelen – som er søskenbarn av Jostein og Tore André Flo – har 26 landskampar. Han har spelt for klubbar som Aarhus, Werder Bremen og Wolverhampton.

Flo-slekta har ein fotball-CV få – om nokon – kan matche. Og no er ein ny floar på den internasjonale scena. I vinter har Per Egil Flo levert varene i Europaligaen.

– Han fekk det internasjonale gjennombrotet mot Ajax. Så tok han eit nytt steg mot Sevilla, seier Ole Gunnar Solskjær og ser bort på den kanskje mest langhåra karen på laget.

Per Egil Flo helsar på Fazio saman med Ruben Gabrielsen (t.v.) og Vegard Forren

STORKAMP: Per Egil Flo spelte heile kampen då Molde slo Sevilla 1–0 på heimebane. Her helsar han på midtstoppar Fazio. Her saman med Ruben Gabrielsen (t.v.) og Vegard Forren.

Foto: Rune Fossum / NRK

Var ikkje god nok for United

Molde-trenaren er glad han har Flo i stallen. Han trur stryningen kan komme tilbake på nivået då han var på landslaget. For han er ein spelartype du alltid kan stole på. Han leverer så godt som aldri ein dårleg kamp.

Solskjær har følgt med Flo sidan han som unggut var på prøvespel i Manchester United. Det er over ti år sidan, og unge Flo fekk spele treningskamp for juniorane.

– Der og då var det veldig artig. Eg fekk sjå korleis dei jobba, og eg fekk kjenne på nivået på spelarane i United, seier Flo.

Det vart aldri noko meir enn ein draum. Det unge talentet vart ikkje funnen god nok.

Per Egil Flo kikkar på Molde-effektar frå gamle dagar

HISTORIE: Per Egil Flo var med på å skrive historie for Molde i Europaligaen. Her kikkar han på ei utstilling av gamle drakter på stadion.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Har lyst på eit proffeventyr

No er det berre nokre få veker igjen til seriestart i Norge. Flo håpar å vise seg fram for Molde, og slik nærme seg ein proffkontrakt i utlandet. Men aller først må han bevise at han er god nok for laget.

– Vi har sterk konkurranse om plassen, så eg må bruke dei sjansane eg får, seier han.

Du har ikkje hastverk med å følgje i fotspora til andre floarar?

– Eg kunne absolutt tenkje meg å prøve meg i utlandet. Det er prestasjonar her i klubben som eventuelt opnar dei dørene.

– Er det eit mål for deg?

– Ja. Eg har lyst til å prøve meg i utlandet, seier Flo.

Per Egil Flo på Aker stadion

PÅ TRIBUNEN: Per Egil Flo har funne seg godt til rette i Molde, men legg samstundes ikkje skjul på at han gjerne prøver seg i utlandet om sjansen byr seg.

Foto: Rune Fossum / NRK