Hopp til innhold

Har vore utan tannlege i 1,5 år

- Situasjonen er svært uheldig, seier rådmann i Bremanger Tom Joensen.

Mange unge i Dalane må til tannlegen

Innbyggjarane i Bremanger må truleg vente nye 7 månader før dei kan gå til tannlege i eigen kommune.

Foto: NRK

Innbyggjarane i Bremanger har det siste halvanna året brukt svært mykje tid på å gå til tannlegen.

Dei to tannlegestillingane har stått tome sidan sommaren 2009, og innbyggjarane må ofte heilt til Nordfjordeid for å få hjelp.

- Det er ikkje ein gunstig situasjon for eit samfunn på 4000 innbyggjarar, seier rådmann Tom Joensen.

Også Selje og Vågsøy står heilt utan tannlegar. Tilsaman 5 tannlegestillingar står tome i dei tre kommunane.

Brukar unødvendige ressursar

- Totalt sett brukar vi voldsomt mykje tid å reise vekk for å nå ein teneste som skulle vore tilgjengeleg i Bremanger.

Også foreldre som må følgje borna sine til Nordfjordeid brukar mykje unødvendig tid på reising.

- Tid som skulle vore brukt på produktivt arbeid både i kommunen og i det private, seier rådmannen.

Mangel om heile landet

- Det er tannlegemangel over heile landet, seier fylkestannlege Bent Rønnekleiv.

Han skulle gjerne sett at stillingane i Bremanger vart fylte, men vedgår at det ikkje har lukkast Fylkeskommunen å tilsetje nokon på halvanna år.

Det har vore stor tannlegemangel i heile fylket over fleire år. Mange plassar har denne situasjonen no betra seg ved at nyutdanna tannlegar har valt å flytte heim, til dømes i Stryn.

Men i Bremanger, Selje og Vågsøy slit dei framleis.

Fristar med gode avtalar

Rønnekleiv seier Fylkeskommunen tilbyr gode arbeidsvilkår for tannlegane for å gjere stillingane attraktive.

- Vi gjev dei høg startløn, stipendordningar for kurs og etterutdanning og utbetaling av eingongsbeløp alt etter kor lenge dei vert verande.

Likevel står stillingane tome.

Joensen seier politikarane i Bremanger er uroa over situasjonen, og at dei har fått signal frå utolmodige innbyggjarar.

- Situasjonen kostar samfunnet mykje ressursar.

Og peikar på at det er langt til nabokommunane om det skulle oppstå ein akuttsituasjon.

Må truleg vente til hausten

Fylkestannlegen håpar at nokon frå kullet som er ferdig utdanna til våren vil ta arbeid i Bremanger.

- Viss vi får på plass ei ordning så er det tannlege på plass i Bremanger i august eller september.