Hopp til innhold

Her har vegen vore stengd i over 1000 timar - det gjer den til den verste fjellvegen i vest

Vegen over Vikafjellet har så langt i vinter vore stengd i meir enn 1000 timar. Det sjølv om brøytemannskap og Vegvesenet gjer alt dei kan for å halde vegen open.

Brøytemannskap jobbar med å brøyte på Vikafjellet. Foto: Silje Guddal/Redigering: Ole André Rekkedal

KREVJANDE JOBB: Erling Stokkebø og karane hans har den krevjande jobben med å brøyte på riksveg 13 over Vikafjellet. Dette er fjellovergangen på Vestlandet som har vore mest stengd denne vinteren.

– Det er tøffe forhold her oppe. Vegen ligg slik til at snøen samlar seg i vegbana, og det kjem mykje snø og det er vêrhardt.

Slik skildrar brøytesjåfør Erling Stokkebø forholda på riksveg 13 over Vikafjellet. Vegen som går mellom Vik i Sogn og Myrkdalen nær Voss er hyppig gjest på Vegvesenet sine lister over stengde vegar.

Uvêr, ras og rasfare set brøytemannskapa på prøve nesten heile vinteren igjennom. Onsdag kveld vart det innført kolonnekøyring på fjellovergangen, før det ein time før midnatt vart heilt stengd.

Torsdag føremiddag jobba Stokkebø og karane hans med å rydde snø mellom vindkulene.

– Alt av vind tek her oppe, og då får vi i tillegg dårleg sikt. Dermed får vi ikkje med oss bilar i kolonne heller, seier Stokkebø.

Verstingvegen på Vestlandet

Tala frå Statens vegvesen viser at riksveg 13 over Vikafjellet skil seg ut samanlikna med mange av dei andre fjellovergangane i Sør-Norge.

Mot slutten av februar såg Vegvesenet si oversikt over stengingar og kolonnekøyring slik ut:

  • E16 Filefjell – stengd i 18 timar – kolonnekøyring i 36 timar
  • Riksveg 7 Hardangervidda – stengd i 308 timar – kolonnekøyring i 455 timar
  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd i 919 timar – kolonnekøyring i 296
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – stengd 398 timar – kolonnekøyring 39 timar
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – stengd 24 timar – kolonnekøyring 303 timar
  • Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – stengd 478 timar – nattestengd 85 timar

Det er vêret som bestemmer

Sidan desse tala vart henta inn har Vikafjellet vore stengd endå meir, og i starten av mars er ein no oppe i over 1000 timar med stengd veg.

– Det er vêret som bestemmer dette. Vi har gjort ein del tiltak på Vikafjellet, men når vêret er slik det er med vind, nedbør og vindretning, så er det ingenting vi kan gjere med det, seier leiar ved byggherreseksjonen i Statens vegvesen region Vest, Øyvind Haaland til NRK.no.

I tillegg til dei over 1000 timane med stenging har vegen vore kolonnekøyrt i rundt 300 timar. Til saman er det dermed snakk om over 50 døgn med trafikkrestriksjonar.

Dette er ein kraftig auke frå same periode i fjor, då fjellovergangen til saman hadde 20 døgn med stenging eller kolonne. Samtidig er det langt unna vintersesongen 2008/2009 då Vikafjellet vart stengd eller kolonnekøyrt i 98 døgn.

(Artikkelen held fram under)

Brøytebil på Vikafjellet

RASFARE: Brøytemannskapa på Vikafjellet må også vere obs på rasfare. Med plussgrader og lett regn i lufta er dette noko dei har langt framme i pannebrasken.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi gjer det vi kan

Haaland vedgår at over 1000 timar med stengd veg er mykje i løpet av nokre vintermånader. Han forsikrar om at alt som kan bli gjort for å halde vegen open, blir gjort. Men omsynet til tryggleiken for dei som jobbar på fjellet må kome først.

– Eg ber om at vi blir trudd på at vi gjer alt vi kan for å halde vegen open så mykje som vi kan. Men vi rår ikkje over vêrforholda, sukkar han.

Erling Stokkebø

MANGE TIMAR: Erling Stokkebø har ikkje tal på kor mange timar han har sete bak rattet i brøytebilen denne vinteren. – Men det har blitt mange, seier han.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ein som kan skrive under på at det er tøffe vêrforhold på fjellet er brøytebilsjåfør Erling Stokkebø. Han har hatt ansvaret for brøytinga på riksveg 13 i 12 sesongar.

Denne vinteren har dei hatt mykje arbeid.

– Eg har ikkje tal på kor mange timar jobb det har blitt, men det har blitt mange. Det har vore ein lang vinter med mykje uvêr, summerer han opp.

Tørr asfalt i låglandet – stengt fjell i høgda

I romjula kjempa brøytemannskapa mot metervis med snø på vegen over Vikafjellet, og slik har det halde fram utover i 2014.

– Du blir ikkje lei av snø då?

– Jau då, av og til. Det verste er om vi får uvêr i april og mai. I fjor til dømes køyrde vi kolonne både 1. mai, 3. mai og 4. mai før det var slutt, minnast han.

Nede i bygda i Vik har det vore ein mild vinter. I dag var det tørr asfalt og delvis solskinn der, medan det på fjellet var dårleg sikt og metervis med snø.

– Har folk forståing for at Vikafjellet er stengt på slike dagar når det er godvêr i låglandet?

– Ikkje alle, det er nokon som ikkje forstår det... Men mesteparten av bygdefolket veit korleis forholda er oppe her. Om ikkje er det berre å ta seg ein tur å sjå på brøytekantane, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Krevjande forhold for brøytemannskapa på riksveg 13 over Vikafjellet

MYKJE SNØ: Brøytebilen greier ikkje jobben med å halde vegen over Vikafjellet fri for snø åleine. Det er så mykje snø der at fresen må gjere jobben med frese snøen opp over dei meterhøge brøytekantane. Etterpå køyrer brøytebilen og tek med seg restane.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ofte stengd av rasfare

Brøytekantane talar nemleg sitt tydeleg språk. Dei går over taket på brøytebilen der den meter for meter jobbar seg innover fjellet. Men Stokkebø og brøytebilen greier ikkje gjere jobben åleine.

– Det er så mykje snø her at det er fresen som må gjere jobben for å få snøen vekk, seier han og fortel at dei har to fresar på Sognesida og ein på Hordaland-sida.

Eit stykke lenger inne på fjellet stoppar han igjen opp. Det er fleire område på fjellovergangen som er spesielt utsette for ras, og med to varmegrader og lett regn tek brøytemannskapet ingen sjansar.

– Eg har fleire gonger sett ras gå like framfor meg, og det har også gått ras like bak oss. Det er ikkje det kjekkaste ein er med på, seier han.

Tidlegare i vinter gjekk eit 150 meter langt ras ved Yngnesdalshamrane på Vikafjellet. Det er det største Vegvesenet sin geolog har sett denne staden nokon gong.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras ved Ygnesdalshamrane på riksveg 13 over Vikafjellet

STORT RAS: Raset som stengde riksveg 13 over Vikafjellet i slutten av februar er det største som nokon gong har gått i området ved Ygnesdalshamrane.

Foto: Statens vegvesen

Jobbar på fjellet sjølv om det er stengt

Stokkebø og brøytemannskapa rapporterer kvar dag inn til Vegvesenet korleis forholda er på fjellet, og i samråd blir det teke ei avgjerd om vegen kan halde ope eller ikkje.

Etter at Stokkebø i dag hadde meldt frå om dei vanskelege forholda og mildvêret på fjellet valde Statens vegvesen å stengje vegen heilt grunna rasfare. Den blir tidlegast opna fredag.

For Stokkebø og dei andre på fjellet held arbeidet likevel fram.

– Vi må halde vegen, så den ikkje bles heilt att. Vi brøyter ikkje i det området der det er rasfarleg, understrekar Stokkebø.

(Artikkelen held fram under)

Marta Finden Halset og Vikafjellet

VIL HA TUNNEL NO: Marta Finden Halset meiner dei over 1000 timane med stenging på Vikafjellet berre forsterkar kravet om at Vikafjellstunnelen må kome raskare på plass.

Foto: Vik kommune/Statens vegvesen

Vil ha tunnel raskast mogleg

– Eg er stolt over den jobben brøytemannskapa gjer på Vikafjellet, seier Marta Finden Halset.

Ho er ordførar i Vik og har for lengst sett seg lei på alle timane med stenging og kolonnekøyring.

Riksveg 13 over Vikafjellet var tidlegare vinterstengd, men no er målet at den skal vere open året rundt. Men vêret på fjellet gjer det umogleg. Og det veit ordføraren.

Ho har lenge kjempa for ein tunnel under fjellet, og Vikafjellstunnelen ligg no inne i Nasjonal Transportplan med 100 millionar kroner til oppstart i perioden 2018–2023.

Finden Halset har ikkje lyst vente så lenge. For ho er over 1000 timar stenging berre nok ein grunn til å kjempe på for framskunding.

Øyvind Haaland

GJER DET VI KAN: Understrekar Øyvind Haaland i Statens vegvesen.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

– Vegvesenet brukar i dag store summar for å halde Vikafjellsvegen open kvar vinter. Får vi fortgang i planane om tunnel kan ein bruke dei oppsparte midlane til Vikafjellstunnelen. Då kan ein stengje Vikafjellet heilt for trafikk om vinteren, seier ho.

Forstår frustrasjonen til folk

Ordføraren legg ikkje skjul på at innbyggjarane i både Vik og området rundt blir hefta av vegstenginga.

– Vi må køyre mange timar omveg om vi skal ut og inn av bygda, sukkar ho.

Øyvind Haaland i Statens vegvesen forstår godt at folk som er avhengig av vegen blir oppgitt over dei mange timane med stenging, vinter etter vinter.

– Vi forstår godt at mange opplever det som frykteleg frustrerande. Men vi rår ikkje over vêrforholda.

– De stengjer ikkje for tidleg då?

– Vi skal ikkje stengje vegen før det er uforsvarleg å halde den open for fri ferdsle. Entreprenøren på Vikafjellet er proffe og har mykje kunnskap. Det finst ingen grunn til å seie at Vikafjellet er meir stengd enn andre fjell fordi dei er meir restriktive, forsikrar Haaland.