Har vore skeptisk til å gå i regjering – no har ho snudd

Fylkesleiar Gunhild Berge Stang har vore skeptisk til at Venstre skal gå inn i ei regjering med Høgre og Frp. Når det no blir ny regjering har pipa fått ein annan låt.

Gunhild Berge Stang med Venstre-logo

DREG REGJERINGA INN MOT SENTRUM: Seier fylkesleiar Gunhild Berge Stang etter at Venstre har gått i regjering med Høgre og Frp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er vel kanskje litt overraska ... Eg har vore skeptisk, men eg ser at Venstre har fått gode gjennomslag, seier fylkesleiar og landsstyremedlem Berge Stang til NRK søndag ettermiddag.

Statsminister Erna Solberg har då gjort det klart at ho utvidar si regjering, og dannar ny regjering saman med både Høgre og Venstre.

Meiner Venstre får gjennomslag for viktige saker

Då landsstyret i Venstre før jul sa ja til å starte forhandlingane med regjeringspartia, var Berge Stang ei av dei som var uroa. Ho grunngav det blant anna med at avstanden til Frp var stor, og at det var ei uro for Venstre si framtid som sentrumsparti.

Når Høgre og Frp no får med seg Venstre i regjering, peikar Venstre-leiar Trine Skei Grande på at dei har fått gjennomslag for både klimapolitikk og ein næringspolitikk som skal føre til vekst og utvikling.

Gunhild Berge Stang nemner fleire ting som ho meiner er avgjerande at Venstre har fått gjennomslag for i regjeringsplattforma. Blant anna vil ikkje regjeringa gje nye løyver til deponering av gruveavfall i sjø, utan at det blir sagt noko om dei gitte løyva som blant anna er gitt i Førdefjorden.

Berge Stang er også glad for at det er semje om å auke talet på kvoteflyktningar.

– Dette er veldig viktig for småkommunane. Busetting av flyktningar har vore ein viktig del av kommunane i Sogn og Fjordane sitt inntektsgrunnlag, for å skape betre folketalsvekst og for å klare å ha stabile tenester til denne gruppa.

– Det er også semje om satsing på breiband og at landbrukspolitikken skal leggje til rette for å drive med husdyrproduksjon i område med gode føresetnader for grasproduksjon.

– Eg er veldig nøgd

– Det er ein gjennomgåande Venstre-profil på den nye regjeringserklæringa, seier Venstre-ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Han meiner spesielt signala rundt næringspolitikken er godt nytt for Sogn og Fjordane.

– Dette med at vi skal få eit større tempo i det grøne skiftet, med dei ekstremt sterke næringsmiljøa vi har der i fylket, er viktig for Sogn og Fjordane. Det ligg også inne store løft på samferdslepolitikken, og tydelege signal om at offentlege arbeidsplassar skal lokaliserast også utanfor dei store byane. Alt dette er bra for Sogn og Fjordane.