Hopp til innhold

Har vore på åtte Bruce-konsertar - og fleire skal det bli

Atle Kristian Hornnes frå Førde fekk tysdag oppleve sin åttande konsert med Bruce Springsteen, og han håpar det vert fleire.

Atle Kristian Hornnes

HEKTA PÅ BRUCE: Det var god stemning på den andre konserten til Bruce Springsteen i Oslo tysdag. Frå venstre: Atle Kristian Hornnes, Alf Reidar Bolset (framme), Vidar Røed, Trond Skei Klausen og Jan Grinde. Tormod Iversen var også med, men ikkje på biletet.

Foto: Privat

Då den ihuga Bruce Springsteen-fanen var på konsert med «The boss» på Valle Hovin i 2003 bestemte han seg. Heretter skulle han prøve å vere med på alle konsertane Springsteen hadde i Norge.

Sist ut var på Telenor Arena i Oslo både måndag og tysdag. Første dagen måtte Hornnes nøye seg med å reise åleine, men tysdagen hadde han med seg fem andre.

– Det var kjempebra, rett og slett. Konserten på måndag var bra, men konserten i går var endå betre, fortel Hornnes.

Skulle gjerne vore på fleire

Så sant førdianaren har tid og høve reiser han på konsertane til Springsteen i Norge.

– Eg synest det er kjekt. Eg skulle gjerne ha vore på fleire konsertar, men eg har fått med meg dei eg har hatt høve til å reise på. Han har for det første mange gode låtar, og det er god stemning. Han klarar å få folk med seg, og gir det han har når han står på scena. Det er vel verd å få med seg, seier Hornnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bruce Springsteen i Oslo

SÅG HELTEN: For sjuande og åttande gong fekk Atle Kristian Hornnes oppleve artisthelten Bruce Springsteen på scena, då han heldt konsert i Oslo måndag og tysdag. Og truleg vert det ikkje siste gong.

Foto: Privat

Det seiast at har ein sett noko ein gong, har ein sett alt. Slik føler ikkje Hornnes det.

– Det er ofte slik at den siste konserten er det beste. Og då veit du at om du reiser på ein konsert til så vert det gjerne den beste. Så om han kjem ein gong til kjem eg til å ville reise.

Får ulike reaksjonar

Og at han er så stor fan av Springsteen at han vil reise på kvar ein konsert han kan, det får han svært mykje ulike reaksjonar på.

– For dei som ikkje er så fan, og ikkje går på så mange konsertar, er det sjølvsagt nokon som synast dette er veldig rart. Eg får veldig mange ulike reaksjonar, men eg har heldigvis nokre likesinna som har god forståing for det eg driv med.

Likevel er det ikkje vanskeleg å få med seg folk på konsert når Springsteen tek turen til Norge.

– Det er fleire som skulle reist på endå fleire konsertar om dei hadde hatt moglegheit til det, så det er alltid nokon som skal på konsert her i Norge. Ofte er det dei same personane som er med, fortel Hornnes.