Hopp til innhold

Har vore overproduksjon av sau og lam – men i år trur Nortura lagera vil minke

NORDFJORDEID (NRK): For første gong på fleire år reknar Nortura med at sauebøndene vil produsere mindre kjøt enn det som blir selt. Men lagera bognar framleis, og særleg sauekjøtet blir liggande.

Arve Dahl

HAR TRAPPA NED: Sauebonde Arve Dahl har trappa ned frå kring 70 til 45 lammesauer i år.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det har vore ein overproduksjon av kjøt, men Nortura spår no betring i marknadsbalansen for lam- og sauekjøt i 2019. Sauebonde Arve Dahl i Eid er midt i lamminga.

– I år har eg trappa ned ein del, og har 45 lammesauer. I fjor var eg oppunder 70, og det var i meste laget på slutten, seier han.

Nortura har oppmoda sauebønder om å gjere som han – trappe ned.

– Vi har oppfordra til å redusere på sauetalet. Det har gitt resultat, seier Leif Sørensen, prognosesjef i Nortura.

Nortura har berekna at det i sommar blir sleppt kring tre prosent færre lam og sauer på beite, noko som gir ein produksjonsnedgang på cirka seks prosent.

– Isolert for i år reknar vi med eit lite underskot. Men vi har framleis sau og lam på lager til å dekke behovet, legg han til.

Sørensen viser til at underdekninga er på kring 600 tonn. Det er første gong sidan 2014 at det er underdekning.

Over 2000 tonn på lager

Men folk treng ikkje frykte for lammelår eller pinnekjøt. I dag ligg det over 2000 tonn sau- og lammekjøt på lager. Sidan hausten 2015 har det vore overskot, men Sørensen meiner lageret vil minke litt i tida som kjem.

– Det blir eksportert ein del og brukt ein del til pelsdyrfôr for å få ned lageret av sau. Vi reknar med at lageret går litt ned i løpet av året både for sau og lam, føresett at produksjonen ikkje aukar igjen i 2020.

– Sau har vore problemet. Når det er nok lam, føretrekker handelen lam i staden for sau.

– Må ut i butikk

På seinsommaren i fjor fekk sauebønder beskjed om at store mengder sauekjøt blir pelsdyrfôr.

Det synest ikkje Dahl noko om. Han har trappa ned, men peiker sjølv mot salsleddet for å finne løysingar.

– Eg trur salsapparatet burde skjerpe seg litt, så dei kan få ut sauekjøtet heile året, ikkje berre sesongvis. Folk vil ha det heile året, og det må Nortura og andre godta.

Dahl fortel at mange spør han etter sauekjøt.

– Kjøtet må i alle fall kome ut i butikkane. Det hadde òg vore greitt om folk fekk kjøpe heile slakt i butikk, for det veit eg folk etterspør. Når du ikkje får kjøpt sauekjøt, så bruker folk det ikkje. Det er problemet.

Kommunikasjonsrådgjevar Cornelia Koppang Henriksen i Nortura seier dei jobbar hardt for å få småfeprodukta ut i butikkane og viser til at dei har auka utvalet og volumet dei siste par åra.

– Vi tilbyr blant anna serien Hverdagslam gjennom heile året, som stadig får betre hylleplass i butikkane. Vi ligg også godt over fjoråret når det gjeld sal av sau på grunn av godt sal til blant anna spekemat.

Smaken på sauekjøtet er det i alle fall ingenting i vegen med, meiner Dahl.

– Kjøtet er utruleg godt.