Hopp til innhold

Har fått vise seg fram for nokre av dei fremste i teknologibransjen

Ei lita teknologibedrift frå Vik har dei siste vekene fått vise seg fram i Silicon Valley i USA. Torstein Hønsi kjem tilbake til Norge med endå meir tru på si eiga bedrift.

– Vi har fått ei ny forståing for korleis bransjen vår fungerer, seier han til NRK.no.

Etter vel ein månad saman med nokre av dei mest høgteknologiske bedriftene i verda sit vikjen att med erfaringar og lærdom han slett ikkje har tenkt å gløyme. Tilbake i Norge er det mange tankar og inntrykk å sortere.

Men ein ting er sikkert. Det har gått brått oppover og suksessen for selskapet hans Highsoft Solutions har vore enorm. No håpar Hønsi dei kan nå nye høgder.

– Ser du lysare på framtida no enn før du reiste bort dit?

– Ja, det gjer eg faktisk. Med dei tilbakemeldingane vi har fått på produkta og firmaet vårt, så seg eg lysare på ting, seier gründeren.

– Ein flott sjanse

Som ein av nokre få teknologibedrifter var selskapet hans Highsoft Solutions plukka ut til å vere med på Innovasjon Noreg sitt opplegg TINC. Tech INCubator er meint å introdusere lovande bedrifter for eit teknologimiljø i USA og førebu bedriftene på global ekspansjon.

Highsoft Solution AS har utvikla programma Highcharts og Highstock, programvaretenester som brukast for å vise grafar og diagram på ei nettside, eit dashboard eller i ein webapplikasjon. Store namn som Facebook, Twitter og BBC er allereie kundar, og fleire kan det bli.

Hønsi er no tilbake i Norge etter eit fire veker i USA, og han er over seg av begeistring over det dei har fått vere med på.

– Det var eit kjempebra opplegg, og for oss var dette ein flott sjanse, seier han.

Har fått både gode og dårlege råd

Saman med dagleg leiar Grethe Hjetland har Hønsi fått lært mykje. Det har blitt mange å helse på, og mange innspel på korleis dei kan gå vidare.

– Vi fekk tilknytt mentorar, som var folk med lang fartstid i bransjen vår. Vi har fått innsikt i korleis dei tenkjer om bransjen og kva dei tenkjer om vårt firma og våre produkt.

I tillegg til opplegget som Innovasjon Noreg står bak, har det også vore ope for at dei sjølve har kunne gjere avtalar. Og den sjansen har Hønsi ikkje latt gå frå seg.

– Vi har hatt møter med ein del firma som vi kjenner til, og med folk som vi tenkjer kan vere til hjelp for oss.

– Vi reiste bort med så ope sinn som mogleg, og har stilt spørsmål og fått mykje gode råd. Og dårlege råd. No må vi sile ut, og finne ut kva som kan gagne oss vidare, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torstein Hønsi på pressevisning på Innovation House i Silivon Valley, USA

VISTE SEG FRAM: Torstein Hønsi har fått helse på mange av dei fremste innan teknologibransjen i USA. Her er han på ei pressevisning på Innovation House i Silicon Valley.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Samlar kunnskap

Det viktigaste han sit att med etter opphaldet er større forståing for korleis bransjen fungerer, seier Hønsi.

– Vi har vore i denne bransjen i nokre år, og har gjort oss våre erfaringar. Men dei er ikkje nødvendigvis allmenngyldige.

– Dess fleire synspunkt vi får på ting, dess meir kunnskap vi får samla, dess betre er det, seier han.

Står fjellstøtt økonomisk

Eventyret til den ivrige gründeren starta i 2000, då han sette opp ein snømålar på Vikafjellet. Hønsi ønskte presentere vêrdata på si eiga nettside, og dermed starta utviklinga av eit dataprogram som kan vise data grafisk.

På få år vart hobbyen for alvor forretning, i 2011 selde selskapet lisensar for 12 millionar kroner, året etter hadde det auka til 22 millionar. Dei solide resultata økonomisk vart lagt merke til vedgår Hønsi.

– Vi kom dit som eit firma som står solid økonomisk, og de la dei merke til. Det var ei god kjensle å ta med seg, seier Hønsi.

– Lysande framtid

Med solide produkt i tillegg manglar det ifølgje Hønsi ikkje på folk som vil samarbeide med Highsoft Solutions i Vik. Kor vidt det blir aktuelt eller ikkje, veit han ikkje enno.

– Vi må få dette litt på avstand, og så får vi setje oss ned å finne ut korleis vi skal gå vidare.

– Men det folk der borte var heilt sikre på var at firmaet vårt har ei lysande framtid. Det er ein stor tryggleik for oss, seier Hønsi.

– Oppover og framover

Medan dei var i USA hadde dei også uformelle møter med potensielle nye kundar, men vikjen vil ikkje avsløre om det er noko nytt stort på gang.

– Vi slengde ut ei melding på Twitter og LinkedIn, og vi møtte nokre kundar, seier Hønsi.

– Kor går vegen vidare no?

– Den går heilt sikkert oppover og framover iallfall, gliser Hønsi.

– Det som er mest interessant for oss er å tenkje over om vi no skal knyte til oss investorar som kan bidra med sine nettverk og sine erfaringar med bransjen, eller om vi skal gå vidare åleine og knyte til oss den erfaringa på annan måte.

Trur dei kan bli dobbelt så mange

I dag har Highsoft Solutions til saman ti tilsette. Seks av dei er i vik, medan fire jobbar på kontrakt. Ei dobling av dette i åra som kjem er ikkje utenkjeleg.

– Det er ikkje usannsynleg.

– Eg håpar at vi kan få tilsette fleire folk i Vik, men det kan og hende at vi utvidar med sals- og marknadsfolk på strategiske plassar som til dømes London eller Silicon Valley, røper Hønsi.