Har viska vekk Terra-underskotet

Bremanger kommune har viska vekk Terra-underskotet. Årsaka er ein krafthandel der Statkraft betalte kommune 173 millionar kroner etter at SFE kjøpte kraftverka i Svelgen, såkalla heimfallskompensasjon.


Har viska vekk Terra-underskot
Foto: Montasje: Oddleif Løset/Scanpi / NRK

Rådmann Tom Joensen seier Bremanger no får vesentleg større økonomisk armslag, men framleis er det skjær i sjøen.

– Det betyr jo at vi etter kvar kan byrje å tilpasse oss ei normal drift i Bremanger igjen. Når det er sagt så viktig å understreke at vi ikkje er ferdige med heile Terra-komplekset endå.

Tom Joensen

MOT NORMAL DRIFT: Rådmann i Bremanger, Tom Joensen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det er gått sju år sidan Finansavisen avslørte at åtte norske kommunar hadde lånt pengar med tryggleik i framtidige kraftinntekter og investert pengane i verdipapir med høg risiko.

Bremanger tapte åleine ein stad mellom 200 og 300 millionar kroner

– Vi har sett av mellom 20 og 30 millionar kroner i året til å dekke oppsamla underskot. Dei komande åra treng vi ikkje det lenger.

Pengane er sett inn på fond som skal gå til å dekke skuldingane til fleire bankar, om kommunane tapar i retten. Men i år kom eit uventa innskot, SFE kjøpte kraftverka Svelgen 1 og 2 frå Statkraft. Som kompensasjon for tapt heimfall fekk Bremanger 173 millionar kroner.

Lys i tunnelen

Også i Vik nærmar kommunen seg betre tider. Men framleis står det to år att av nedbetalingane, konstaterer ordførar Marta Finden Halset.

Marta Finden Halset

SER FRAM TIL Å BLI FERDIG: Ordførar i Vik, Marta Finden Halset (Ap).

Foto: Vik kommune

– Ja, sjølvsagt ser vi fram at vi skal vere ferdige med dette her. Innbyggarane i Vik har vore svært tolmodige, og no ser vi fram til at vi skal sjå lys i tunnelen

Til neste år ventar fleire store rettssaker i kjølvatnet av Terra. På same tid har Bremanger og Vik store fond sett av til å betale inn det bankane meiner å ha krav på. Men vinn kommunane rettssakene kan Vik bruke nær 200 millionar kroner på seg sjølv, for Bremanger sin del er summen endå høgare.

Men rådmann Tom Joensen vil ikkje invitere til forbruksfest sjølv om kommunane skulle vinne rettssakene.

– Dei siste åra har lært oss at vi kanskje må vere litt nøkterne i forhold til det vi driv med, og heller sikre oss for framtida når det gjeld framtida. Det er difor vi er her.