Hopp til innhold

Trailersjåfør leverte videoopptak av drapsbussen til politiet

Ein trailersjåfør som møtte Valdresekspressen på veg opp til Holsbru måndag har levert ein video av møtet til politiet.

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

MØTTE TRAILER RETT FØR: Valdresekspressen vart ståande på Holsbru.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Møtet skjedde berre eitt minutt eller to før bussen stansa på Holsbru, der tre menneske vart drepne med kniv.

Trailersjåføren seier til ba.no at han møtte bussen i Jåteli, om lag ein kilometer nedanfor Holsbru, klokka var då rundt 17.10. Slik dei uskrivne reglane til sjåførar av større bilar er, stansa han og la seg ut til sida då bussen kom oppover.

– Eg tykte at bussen kom sakte, og at det var mørkt inne i bussen, men det tenkte eg ikkje meir på der og då. Bussen blinka med lyset då den passerte, seier trailersjåføren, som vil vere anonym.

Leverte videoen til politiet

Ein time seinare fekk han vite om det som hadde skjedd, og seinare på kvelden kom han på at bilen hans er utstyrt med kamera som viser alt i køyrebana framfor traileren.

– Eg leverte videoen til politiet tysdag ettermiddag.

Det var same sjåføren som melde frå om ein BMW som køyrde bak bussen og som politiet har etterlyst. No er håpet at videoopptaka viser bilskiltet på bilen.