Hopp til innhold

Har venta i seks år på svar om helsebyte

I 2010 søkte Gulen kommune om å få byte helseføretak. Om innbyggjarane kan få sjukehustilbod i Bergen heller enn Førde er framleis ikkje klart.

Hallvard Oppedal

SKUFFA: Ordførar Hallvard Oppedal meiner saka har drege for langt ut i tid. Fleire avtalar om helsetilbod i Helse Førde er sagt opp med tanke på overflytting til Helse Bergen. No står innbyggjarane utan tilbod på fleire område.

Foto: Johan Moen / NRK

– Det har gått forrykande seint dette her, seier ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal lattermildt.

23. juni 2010 sende kommunen ein søknad om å få skifte helseføretak frå Helse Førde til Helse Bergen. Kommunen ligg på fylkesgrensa, og har i dag fleire samarbeid i nabofylket Hordaland.

– Vi har legevaktsamarbeid med Nordhordalandskommunane. Legevakt på kveld og helg er i Knarvik. Då passar det betre å ha sjukehus tilknytt Bergen enn Førde, utdjupar Oppedal.

Står utan avtalar

For tre år sidan gav Helse Vest klarsignal om at innbyggjarane i Gulen kunne få alle sine helsetenester i Bergen, men Helse Bergen og Helse Førde har ikkje blitt samde om finansiering. Dermed har det ikkje blitt noko endring. Samstundes har kommunen sagt opp fleire av sine eksisterande avtalar om til dømes krisesenter og vald i nære relasjonar med Sogn og Fjordane.

– For legane og pasientane våre så er det ei stor belasting at vi ikkje har tilknyting nokon stad. At ein ikkje kan få dette til på ein raskare måte er eg veldig skuffa over, seier Oppedal.

Noko av bakgrunnen for at det har teke tid er at Helse Vest nær samstundes med Gulen sin søknad også vart kontakta av Eidfjord kommune i Hardanger som også ynskte å byte helseføretak. Ein ynskte seg då eit felles syn på korleis ein skulle handtere slike saker, noko ein fekk på plass i 2013.

Herlof Nilsen

KONKLUDERER: Alt tyder på at administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen 29. februar vil gje Gulen kommune grønt lys for å skifte helseføretak.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Trur ventetida er over

– Vi har brukt for lang tid etter den tid på å avklare situasjonen til Gulen, og det er vi leie oss for, seier administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen.

Sidan Helse Førde og Helse Bergen ikkje har klart å bli samde om dei økonomiske sidene av saka, har Nilssen igjen fått saka på sitt bord. No trur han på ei snarleg avklaring, som Gulen kommune vil vere nøgde med.

– 29. februar skal vi ha styremøte, og der vil eg kunne orientere om konklusjonen. Eg har ikkje dratt konklusjonen, men dei vil få flytte. Konklusjonen vår er den økonomiske fordelinga mellom Helse Førde og Helse Bergen, seier Nilssen.

Den bodskapen blir motteken med glede i øykommunen.

– For befolkninga er det veldig veldig bra. Det går på reisetid og kommunikasjonar. Der blir det betre, det seier seg sjølv, seier kommuneoverlege Tommy Normann.