Hopp til innhold

Har venta i årevis på å få bu i Norge

NORDFJORDEID (NRK): Dei fann kjærleiken i Teheran, men får ikkje flytte til Norge.

Sindre Haugland og Zarah Zavareh

BRYLLAUP: Sindre Haugland og Zahra Zavareh har sidan 2013 ynskt å flytte til Norge.

Foto: Privat

For fem år sidan møtte Sindre Haugland og Zahra Zavareh kvarandre i Teheran, der Haugland var utvekslingsstudent.

Ekteparet ynskjer familiegjenforeining til Norge, men etter to avslag og årelang ventetid har paret gitt opp papirmølla:

– Vi hadde aldri trudd ting ville bli slik. Når eg tenker tilbake så føler eg meg naiv, seier Sindre Haugland.

Paret bur i Teheran, men har nyleg vore i Noreg, Zahra med turistvisum. Ho er like oppgitt:

– Situasjonen er galskap, vi er mann og kone.

Ein ny søknad ville neppe gitt svar før i 2020:

– Prosessen kan ta 2,5 år. Fyrst eit år med inntekt i Norge. Deretter venting på svar i 17–18 månader.

– Vi har vore veldig skuffa

Fyrste søknad sende dei i juni 2013, i februar 2014 kom avslaget. Haugland hadde 5 poeng for lite studieprogresjon i 2012, fordi eit fag var dobbeltregistrert i Norge og Iran. Paret klaga, og fekk endeleg avslag oktober 2014. Størsteparten av året avbraut Haugland studiane, og jobba i Norge for å innfri inntektskravet.

Sindre Haugland og Zarah Zavareh

BRUDEBILETE: Fjellklatrarane Sindre Haugland og Zahra Zavareh slepp ikkje taket i kvarandre.

Foto: Privat

Januar 2015 var det ny søknad. Oktober 2015 flyttar seier Haugland opp jobben, og flyttar til Teheran i den tru at underhaldskravet er oppfylt. Det skulle han ikkje gjort. I august 2016, etter 18 månaders handsamingstid, kjem nytt avslag. Årsaka er at underhaldskravet ikkje er oppfylt når han bur utanlands.

– Då var vi veldig skuffa. Vi er 35 år, og vil etablere oss, men må heller slite med dette, seier Haugland.

– Set livet på vent

Marie Skeie leiar organisasjonen Grenseløs Kjærlighet, ein interesseorganisasjon i saker om familiegjenforeining. Skeie meiner ventetida er alvorleg:

– Ein avbryt framtidsplanar. Bustad og jobb blir sett på vent.

Marie Skeie

LIV BLIR SETT PÅ VENT: Leiar i organisasjonen Grenseløs Kjærlighet, Marie Skeie vil ha lovfesta sakshandsamingstida til maksimum seks månader.

Foto: Siv Eli Vuolab / NRK

Skeie meiner regelverket i dag ikkje samsvarar med folk sine liv. Særleg frå land med stor innvandring er sakshandsamingstida lang.

– Vi treng lovfesta krav om maksimalt seks månader venting i alle slike saker.

Fryktar for tvangsekteskap

Justis- og beredskapsdepartementet viser NRK til UDI.

Fungerande områdeleiar i UDI Mette Øverås vedgår at ting går treigt, men seier dei prøvar å få ned ventetida.

Køane er ved utanrikstenesta, UDI og i politidistrikta som skal gjennomføre intervjua.

– Det er fleire moment og vurderingar for nokon søkjargrupper enn andre, det gjeld frykt for tvangsekteskap, omstenda og realiteten i ekteskapet. seier Øverås.

Ulike land har ulik ventetid. Iran, Tyrkia, og Tanzania har opp mot 15 månader, søker ein frå Thailand eller Sør-Afrika er ventetida tre månader.

Flyttar til Sverige

Sindre Haugland og Zahra Zavareh flyttar no frå Teheran til Sverige. Der er regelverket mindre strengt, og EØS-reglane kan etter kvart gi Zavareh opphald i Norge:

– Vi har alt sløst bort for mange år, seier Haugland.

Zahra Zavareh og Sindre Haugland

HEIME: Paret hadde i haust ein sjeldan visitt heime i Sindre si heimkommune Eid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK