Hopp til innhold

Etter 46 år ventar dei framleis på at isbreen skal «kalva» flyvraket

Flyet styrta, piloten omkom og vraket blei slukt av ismassane på Jostedalsbreen. 46 år seinare ventar folk framleis på at breen skal avsløre restane av tragedien.

Flyvraket på Jostedalsbreen 1972

SISTE GONG: Sommaren 1972 var siste gong nokon såg flyvraket.

Foto: ukjent

– Eg ser ofte oppover breen etter flyet. Om eg nyt ein kaffi når gjestene er reist, så ser eg opp mot brefronten etter noko som blinkar i sola.

Jo Marius Bøyum jobbar på Brævasshytta, ein serveringsstad like under Bøyabreen i Fjærland, ein brearm av Jostedalsbreen. Det var her Søren Toubro krasja det vesle einmotorsflyet 5. juni 1972.

Den danske kommuneveterinæren i Jølster, flaug over Jostedalsbreen den sommardagen i 1972. Han var på veg frå Sogndal mot Ørsta og Volda. Siste gong han gav lyd frå seg, var klokka 13.08 over Fjærlandsfjorden.

Politirapport side 1 etter flystyrter på Jostedalsbreen

POLITIRAPPORTEN: Datert 13. juni 1972.

Foto: Politiet

Denne dagen var det lågt skydekke og skodde over breen. Han såg truleg ikkje kva som var farleg is og kva som var trygg himmel. Etter fire dagar vart han og flyet funne. Han var død, fastklemt i flyvraket som stod med fronten i isen.

Faksimile Firda, 13. juni 1972

FIRDA, 13. JUNI 1972.

Foto: Faksimile / Firda

Piloten vart frakta ned laurdag 10. juni og sendt til Gades institutt for obduksjon. Det var også meininga at det store redningshelikopteret som henta ned Toubro, skulle frakta ned flyvraket. Men vêret var for dårleg til at det lét seg gjennomføra.

Dermed vart vraket liggande på breen. Snart vart det slukt av isen, og sidan har ingen sett det.

«Jostedalsbreen føder et fly»

Faksimile BT 1994

BERGENS TIDENDE, 1. SEPTEMBER 1994.

Foto: Faksimile / BT

Den overskrifta kunne lesarane av Bergens Tidende lesa den 1. september 1994.

Isbreane er i rørsle heile tida. I brefallet bevegar isen seg to meter i døgnet. Lenger inne på breen går det mykje saktare. Det er mellom fire og fire og ein halv kilometer mellom ulukkesstaden og brefronten.

Det var berre eit tidsspørsmål før flyvraket skulle koma fram frå ishvelvet sitt.

– Dei første utrekningane viste at det kom til å ta om lag 25 år, med nokre års feilmargin, til flyet kom til å dukka opp att i brefronten til Bøyabreen, seier Nils Paulsen. Han var dagleg leiar ved Norsk bremuseum i Fjærland frå 1994 til 2014.

Nils Paulsen (t.v.) og Svein Arne Bøyum

Nils Paulsen (til venstre) var sjef på Norsk bremuseum i Fjærland frå 1994 til 2014. Her studerer han dei gamle rapportane og bileta etter ulukka saman med Svein Arne Bøyum, som er vaktmeister ved museet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Leitar kvart år

– Det har vore mykje snakk om flyet, at det skal koma ned her borte. Det året Paulsen kom, i 1994, då var eg og han borte under breen for å sjå om me såg noko. Det gjorde me ikkje, fortel Anders J. Bøyum.

Han hugsar godt dei junidagane i 1972. Han var 18 år, og var med på leiteaksjonen.

Anders J. Bøyum

VAR MED PÅ LEITEAKSJONEN: Anders J. Bøyum var med på leiteaksjonen i 1972. Han leitar etter flydelar kvart år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Dei plukka ned det som var noko å ha, som motoren og slikt. Ting som hadde gjenbruksverdi.

Bøyum er ein av mange fjærlendingar som ventar på når, eller om, flyet kjem ut av isen.

– Eg har vore borte ved breen kvart år, men eg har aldri sett noko som helst. Kva som har skjedd med vraket, det er ikkje godt å seia.

Trur det er to moglegheiter

Gamalt kart over flystyrten på Jostedalsbreen

HER KRASJA DET: Ulukkesstaden er markert med ein X.

Foto: privat

Nils Paulsen fortel at det er to moglegheiter for kva som kan ha skjedd med flyet. Anten så er det knust av ismassane og fjellet, eller så har det sett seg fast i berggrunnen under isen. Han er usikker på om det nokon gong faktisk vil koma ut. Det han derimot er sikker på, er at flyvraket er knust i småbitar.

– Det er ikkje noko som motstår kreftene i breen. Den riv i stykkar alt som er, uansett om det er stål eller aluminium, seier Paulsen.

Har eit håp

– Kjem me nokon gong til å sjå att flyet eller delar av det?

Nils Paulsen:
– Det ville vore fantastisk, men det er søren meg ikkje lett å seia. Me kan håpa!

Anders Bøyum:
– Det er ikkje godt å seia. Men det er omringa av isen i over 40 år, så det er nok maltraktert.

Jo Marius Bøyum:
– I løpet av ein sommar er det alltid nokon som spør om det. Eg håpar at eg skal få sjå det. Eg ser alltid etter noko som blinkar oppi der.

Jo Marius Bøyum

SER ETTER FLYET: Jo Marius Bøyum jobbar på Brævasshytta, som ligg like under Bøyabreen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK