Hopp til innhold

Flaumen herja med garden hans i 2010 - Tage ventar framleis på oppgjeret

Tage Skjaak Moen har enno ikkje fått pengar etter flaumen sine herjingar på garden hans for fire år sidan. Han har eitt godt råd til lærdølane som ventar på erstatning etter flaumen i oktober.

Flaumen i Luster

STOR ELV: Elva gjennom Mørkridsdalen vaks seg stor og tok nesten med seg denne brua.

Foto: Tage Skjaak Moen

Tage Skjaak Moen

VENTAR: Tage Skjaak Moen har enno ikkje fått pengar.

Foto: Privat

– Med mine erfaringar, så må ein kanskje smørje seg med tolmod, seier han.

Bøndene i Lærdal som vart råka av storflaumen i slutten av oktober håpar på rask handsaming frå Statens Naturskadefond.

Tage Skjaak Moen i Luster oppmodar dei til å smørje seg med tolmod. Han har gjort seg eigne erfaringar frå flaumen i oktober 2010.

– Det har gått fire år og utbetalinga har det ikkje blitt noko av endå, seier han.

Takseringa vart anka

Årsaka er flaumen som raserte delar av garden hans i Mørkridsdalen for fire år sidan. For fondet som gir erstatning etter naturkatastrofar, meinte skadane var taksert feil av lensmannen, og anka saka til tingretten.

Det som skulle hjelpe Moen å bygge opp att garden, vart i staden år med venting. Dersom avgjerda ikkje blir anka, kan han endeleg sjå fram til å få erstatninga.

– Det gjekk kring tre år frå flaumen til anken kom opp i Sogn tingrett. Det har gått ytterlegare eitt år etter den rettssaka. No ligg føre det ein kjenning, seier han.

Flaumen i Luster

STOR ELV: Elva vaks seg stor og gjorde stor skade på garden til Tage Skjaak Moen.

Foto: Tage Skjaak Moen

Over 1.000 eigedomar

Oktoberflaumen gjorde stor skade i fleire kommunar. Over 1.000 eigedomar vart skadde på Vestlandet og forsikringsoppgjera er venta å komme på over 400 millionar kroner. I tillegg kjem skadar på veg og jernbane.

Tonje Westby

OMFATTANDE: Tonje Westbye hos Finans Norge seier kostnadane etter flaumen er enorme.

Foto: cf-wesenberg@kolonihaven.no / Finans Norge

– Samfunnskostnadane som er knytt til til dømes infrastruktur og dyrka mark som blei øydelagt etter flaumen er jo store. Så totalen er jo langt meir enn det me faktisk har oversikt over, sa kommunikasjonssjef Tonje Westbye i Finans Norge.

Rask handsaming

I Lærdal og Aurland, som var hardast råka i Sogn og Fjordane, vart nær 200 personar evakuerte. Flaumen gjorde enorme skader. I Aurland vart seks av 13 råka bustadar teken av Flåmselvi. I Lærdal var det mykje naturskade.

Det er landbruksdirektoratet som driv Statens Naturskadefond. Seksjonsleiar Gunn Eide, seier det er svært sjeldan at de ankar slike saker som i Skjaak Moens tilfelle.

Flaumen i Luster

FLAUM: Mykje nedbør gjorde at også vegane i Mørkridsdalen var prega av vatn.

Foto: Tage Skjaak Moen

– Det skjer i kring ei prosent av alle lensmannskjønn vi får inn, seier ho.

Ekstra mannskap

Seksjonsleiaren seier at dei vil handsama flaumsakene i Lærdal og Flåm så fort som mogleg.

Direktoratet vil mellom anna setje inn ekstra mannskap slik at skadane blir taksert rett.

– Det legg grunnlaget for rask handsaming vidare av saka, så det er all grunn til å håpe på at sakene går langt raskare enn den i Luster, seier Eide.

Flaumen i Luster

OKTOBERFLAUM: Slik såg det ut 1. oktober 2010 i Mørkridsdalen.

Foto: Tage Skjaak Moen