Jan Bernhoft berga eit estisk vogntog som havarerte i Eid tidleg i oktober. Verkstaden til Bernhoft reparerte fyrst hengaren, og den forsvann estarane med utan å betale rekninga på over 100 000 kroner.
Etter dette tok Bernhoft pant i trekkvogna. Og etter at ein estisk kranbil dukka opp i Stryn for å hente den, har Bernhoft låst trekkvogna inn på hemmeleg stad.
– Den kjem ikkje ut i dagslys før pengane ligg på bordet, seier Bernhoft.
Ei veke på kjeks og kaffi
Karane i den estiske kranbilen har no venta i ei veke. Dei bur i bilen, og lever for det meste på kaffi og kjeks medan dei ventar på å få ta med seg den havarerte trekkvogna.
– Vi er trøytte og slitne av å vente, men Stryn er ein fin plass, seier to karane. Dei forstår ikkje mistanken om at dei skulle finne på å ta med seg trekkvogna før namsmannen frigjev ho. Dei ventar no på at pengane for reparasjonen av tilhengaren skal nå fram til Stryn.
– Pengane skal vere på veg, seier dei tolmodige sjåførane i den estiske kranbilen.