Hopp til innhold

Har venta 30 år på gangveg

Og no må folk som bur langs den trafikkfarlege vegen på Haugen i Eid truleg vente endå lenger.

- Eg var fem-seks år då eg vart påkøyrd ved Haugen. Det gjekk heldigvis bra for meg, men det var ei stygg påkøyring der i sekstisona, seier Øyvind Løkling.

Han er redd noko liknande skal skje med andre som må bruke vegen dagleg.

Haugen i Eid
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

 Farleg skuleveg

- Det har nok vore ein del nesten-ulukker opp igjennom. Det er mange ungar som går der og det er mykje trafikk.

Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag i Eid krev no snarleg start på det 30 år gamle gangvegprosjektet langs riksveg 15 .

- Det er sterk frustrasjon i bygda etter at byggjinga av gangvegen på nytt er utsett og endra, seier Morten Smørdal. Han er andre foreldre-generasjon som arbeidar for at det skal byggast gangveg.

Tungtrafikken dundrar forbi Haugen i Eid,vel ei halv mil vest om kommunesenteret Nordfjordeid. Og trafikken på riksveg 15 har auka svært mykje sidan kravet om gangveg vart sett fram tidleg på 1970-talet. Men framleis ingen gangveg komen.

- Umogleg å gå langs vegen

- Både vi vaksne og ungane må bruke vegen. På vinterstid er det umogleg å gå langs vegen. På sommaren kan det også vere vanskeleg fordi det ikkje er ein vegskulder ein kan gå på. Viss to trailere møtast, er det ikkje plass til fotgjengarar, seier Smørdal.

Ein forlenga gangvegtrase langs riksveg 15 gjennom bygda er prosjektert, kosta av Vegvesenet. Og bygdefolket venta at byggjinga skulle starte i år. Men det skjer ikkje, og det er sådd ny usikkerhet om prosjektet.

Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag forstår det også slik at gangvegen er kutta i begge endar.

- Vi har brukt 30 år på dette her og det vitnar om at kommunen ikkje har vore så veldig gira på å få det til. Gangvegen låg opprinneleg i den førre periode av Nasjonal transportplan, men no er den flytta på. Vi veit ikkje kvifor og ber no kommunen om å hjelp for å finne det ut, seier Smørdal.

Ordførar lovar betring

Ordførar Sonja Edvardsen i Eid seier ho forstår at folk som bur på Haugen er fortvila.

- Det har eg full forståing for. Tretti år er enormt lang tid. Dei må berre skrive til kommunen og purre på oss politikarer, så skal vi gjere det vi kan.

- Men burde ikkje det vore gjort noko med vegen tidlegare?

- Det kan eg vere enig i. Såpass trafikkfarleg som det er i Haugen, så meiner eg dette må få førsteprioritet. Vi må få løyst det innan rimeleg tid, i år eller neste år.

- Kan ikkje garantere gangveg

Men seksjonsleiar Arnfinn Båtevik i Statens vegvesen kan heller ikkje garantere at gangvegen på haugen i Eid vert bygd i 2009.

- Vi kan ikkje garantere det hundre prostent, men den står oppført i 2009, med ei bevilgning på fem millionar kroner.