Hopp til innhold

Har utvikla nye miljøferjer i Førde

Multi Maritime i Førde har utvikla verdas første ferje som kan veksle mellom biodrivstoff og elektrisitet.

maritime

NYVINNING: Førde-ferje vil vere den første av sitt slag i heile verda

Foto: Multi Maritime

– Vi står midt i det grøne skiftet, og vi prøver å levere løysingar som er gode nok for den grøne framtida vi har i vente, seier Gjermund Johannessen, som er administrerande direktør i Multi Maritime.

Gjermund

SATSAR GRØNT: Gjermund Johannessen i Multi Maritime forsøker å utvikle grøn teknologi i Førde

Foto: Multi Maritime

Det er nordlandsreiarlaget Torghatten som skal nytte seg av ferja, og ho skal setjast på sjøen på Helgeland til våren neste år. Sjølve bygginga av ferja er det Fiskerstrand verft AS på Sunnmøre som skal stå for. Direktør i Torghatten Stein Andre Herigstad-Olsen seier i ei pressemelding at om ein samanliknar med vanlege dieselferjer, vil Co₂-utsleppa frå ferja vere 60 prosent lågare.

– Vi gjer dette på eige initiativ, det er ikkje noko krav ifrå myndigheitene, seier Herigstad-Olsen.

Stein andre

TORGHATTEN: Direktør Stein Andre Herigstad-Olsen i Torghatten har bestilt ferja ifrå Førde-firmaet

Foto: Torghatten

Johannessen i Multi Maritime er overtydd om at ferjenæringa lyt omstille seg og bli endå grønare i tida framover.

– Vi jobbar veldig mykje med å utvikle grøn teknologi, og med denne ferja har vi satsa på fleire fornybare energikjelder for å gjere utsleppa knytt til drifta lågast mogleg.

Ferja vil også kunne koplast til landstraum for lading når ho ligg til kai, og kan veksle mellom biodrivstoff og elektrisk straum i løpet av ferjeturen. Det er verforholda og lengda på overfarten som vil avgjere kva hovudenergikjelde skal vere.

Multi Maritime er ein avleggar etter den gamle verksemda på Ankerløkken verft i Førde, og dei held på både med ferjer og andre sjøfartsøy.

– Vi er plassert midt mellom Stavanger og Ålesund, og soleis ligg vi svært sentralt plassert i kjernen av den maritime næringa i Noreg, seier Johannessen.